Brot i 7 av 10 kontrollar i utelivsbransjen

Publisert 10.05.2023 - Lesetid: 4 min

Arbeidstilsynet har det siste året gjennomført meir enn 1000 tilsyn med lønns- og arbeidsvilkår i overnattings- og serveringsbransjen. Det blei avdekt brot på arbeidsmiljøregelverket i 70 prosent av tilsyna.

Bildet viser en bartender som står bak disken og lager en drink.

UTSETT NÆRING: – Bransjen er prega av mange små verksemder, stor gjennomstrøyming og mykje deltidsarbeid, påpeiker direktør Trude Vollheim i Arbeidstilsynet. FOTO: Arbeidstilsynet

– Det er viktig og rett å føre tilsyn med overnattings- og serveringsbransjen, det ser vi tydeleg på talet på brot på lovverket som vi har avdekt, seier Trude Vollheim, direktør i Arbeidstilsynet.

Tilsyna var uventa og blei gjennomført over heile landet i perioden frå januar 2022 til januar 2023, hovudsakleg ved restaurantar – men også ved barar og hotell. 

– Tilsyna våre er risikobaserte. Det vil seie at dei blir gjennomført ut frå ei vurdering av kvar det er størst sannsyn for å finne brot på lovverket som regulerer arbeidsvilkåra til tilsette, seier Vollheim.

– Den høge brotprosenten tyder både på at vi treffer på utval, og at dette er ein viktig innsats som vi skal halde fram med. Sjølv om dei fleste verksemdene ønsker å drive seriøst er det altså for mange lovbrot blant dei vi har kontrollert.

– Alvorleg

Der det oftast blei funne brot, var i samband med arbeidskontraktar, overtidsbetaling og minstelønn.

– Dette er alvorleg, og det underbygger det at overnattings- og serveringsbransjen er ei av dei mest utsette næringane. Bransjen er prega av mange små verksemder, stor gjennomstrøyming og mykje deltidsarbeid, seier Trude Vollheim.

– I tillegg er det ofte ein høg del unge og utanlandske arbeidstakarar, låg organisasjonsgrad både blant arbeidstakarar og arbeidsgivarar, og ofte låg og manglande kunnskap om reglane i arbeidslivet, både plikter og rettar. Da er det spesielt viktig at vi gjennomfører tilsyn.

Krav om minstelønn blir brotne

Overnatting og servering er ein allmenngjort bransje. Det betyr at tilsette har krav på minstelønn. Minstelønn er fastsett blant anna for å sikre like lønnsvilkår for alle tilsette i ein bransje der tilsette kan vere sårbare for å bli utnytta, og gjeld uavhengig av om arbeidstakaren er norsk eller utanlandsk. Det har heller ingenting å seie om arbeidstakaren er fast eller midlertidig tilsett eller jobbar i heil stilling eller deltidsstilling.

– I tilsyna våre fann vi at éin av fire av dei kontrollerte verksemdene hadde brot på reglane om minstelønn, og det er uforsvarleg, seier Trude Vollheim.

Mange brot når det gjeld arbeidstid

Vi fann også mange brot på reglane om arbeidstid. I 40 prosent av tilsyna fann vi brot på kravet til overtidsbetaling. Det betyr at tilsette enten ikkje har fått betalt for overtid i det heile, eller at dei har fått mindre enn det dei har krav på. Vi fann også at arbeidsgivaren ikkje hadde oversikt over kor mykje tilsette jobba, i 27 prosent av tilsyna der dette blei kontrollert, og i 30 prosent av tilsyna var det ikkje utarbeidd ein arbeidsplan.

– Dette gjer arbeidet lite føreseieleg for arbeidstakarane, og det blir vanskeleg å halde oversikt over kor mykje ein jobbar, og kva ein har krav på, seier Vollheim.

Manglar i arbeidsavtalar

Arbeidstakarar skal alltid ha ein skriftleg arbeidsavtale. Dette gjeld enten det er ei fast eller midlertidig stilling, og det er ingen unntak frå denne regelen. Det er arbeidsgivaren sitt ansvar å utarbeide ein skriftleg arbeidsavtale. Og arbeidsmiljøloven stiller opp krav til kva avtalen minimum må innehalde. I 68 prosent av tilsyna der arbeidsavtalane blei kontrollert, oppfylte ikkje avtalane minimumskrava.

– Arbeidsavtalen skal gjere arbeidet føreseieleg blant anna når det gjeld lønn, arbeidsoppgåver, arbeidstid og -stad, prøvetid, og oppseiingstid. Dette er viktige rettar som arbeidstakarar har. Når vi finn manglar i arbeidskontraktane, er det alvorleg fordi det kan gjere at arbeidstakaren står svakare med tanke på rettar og eit føreseieleg arbeid, seier Vollheim.

Ungdom skal vernast

I 23 av dei kontrollerte verksemdene har ikkje arbeidsgivaren sørgt for å halde reglane om arbeidstid for barn og ungdom.

I overnattings- og serveringsbransjen jobbar det ein stor del unge arbeidstakarar, og dei skal vernast mot arbeid som kan vere skadeleg for dei.

– Dette inneber at dei i enda større grad enn vaksne skal skjermast for nattarbeid, som vi veit kan gi negative effektar på blant anna helsa og det sosiale livet. Ungdommar under 18 år skal for eksempel som hovudregel ikkje jobbe etter klokka 21, og det er eigne reglar for pausar og arbeidstid generelt, seier Vollhem. 

Tips oss

Arbeidstilsynet vil gjerne få varsel om kritikkverdige arbeidsmiljøforhold. Det kan gjelde forhold på eigen arbeidsplass eller forhold som ein er vitne til på andre arbeidsplassar. Tipsaren kan velje å vere anonym. Vi vurderer alle tips og varsel, og om vi skal følgje opp med tilsyn.

Tips Arbeidstilsynet

Relaterte artikler