Personvern og informasjonskapsler

Her finner du Arbeidstilsynets personvernerklæring.

Denne personvernerklæringa fortel korleis Arbeidstilsynet samlar inn og bruker personopplysningar.

Behandlingsansvar

Arbeidstilsynet har ansvar for all behandling av personopplysningar der vi sjølve bestemmer formålet med behandlinga av opplysningane og dei verkemidla vi bruker til dette. I denne personvernerklæringa kan du lese meir om behandlingane Arbeidstilsynet er ansvarleg for.

Arbeidstilsynet, ved direktøren, er ansvarleg for behandlinga av personopplysningar. Erklæringa inneheld informasjon om kva du har krav på når det blir samla inn personopplysningar om deg, og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar.

Arbeidstilsynets personvernombod

Arbeidstilsynet har utnemnt eit eige personvernombod som du kan kontakte dersom du har spørsmål om korleis Arbeidstilsynet behandlar personopplysningar om deg, eller dersom du treng hjelp til å utøve rettane dine overfor Arbeidstilsynet. Personvernombodet har teieplikt.
Har du andre spørsmål om rettane dine i arbeidslivet, kan du kontakte Svartjenesta vår.

Personvernombodet har ei uavhengig rolle og skal gi råd om korleis verksemder skal behandle personopplysningar. Ombodet er også kontaktpunkt for dei som er registrerte, i alle spørsmål om behandling av personopplysningane deira og om rettane dei har. Eit typisk eksempel er spørsmål som gjeld innsyn i eigne personopplysningar.

Personvernombodet kan ikkje svare på generelle spørsmål om regelverk eller bruk av personopplysningar i andre verksemder. Det er Datatilsynet som er riktig organ for slike spørsmål, og som kan svare på dei gjennom si eiga rettleiingsteneste.

Du kan sende førespurnad til personvernombudet vårt på e-post personvernombudet@arbeidstilsynet.no. Av omsyn til personvernet ditt må du ikkje sende sensitive personopplysningar på e-post.

Hvis du ikkje ønsker å bruke e-post, kan du kontakte personvernombudet vårt via eDialog. Husk å merke førespurnaden med «til personvernombudet». Dette kan du skrive i tittelfeltet.

Anna relevant lovgivning

I tillegg til personvernlova har mellom anna desse lovene betydning for Arbeidstilsynets behandling av personopplysningar:

Offentleglova med forskrifter inneheld reglar for når eit dokument er offentleg tilgjengeleg for allmenta, og når eit dokument kan vere unntatt offentleg innsyn. Arbeidstilsynet praktiserer meiroffentlegheit, det vil seie at tilsynet så langt det er mogleg, strever etter at dokument skal vere offentlege.

Forvaltningslova inneheld reglar for korleis saka di skal behandlast i Arbeidstilsynet. Som part i saka har du særskilde rettar, mellom anna rett til innsyn i saksdokumenta.

Arkivlova har reglar om korleis arkivskaparen skal behandle og oppbevare saksdokument, og om avlevering av dokument til arkivinstitusjonen.

Arbeidstilsynet er også tilsynsmyndigheit etter fleire andre lover og forskrifter. Saksbehandlinga i samband med dette vil kunne innebere behandling av personopplysningar. Meir informasjon finn du på datatilsynet.no