Arbeidslivskriminalitet

Norsk arbeidsliv er i hovudsak prega av ryddigheit og gode arbeidsforhold. Likevel er enkelte verksemder og bransjar prega av useriøsitet, sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Konsekvensane er alvorlege både for arbeidstakarane og for bransjane og verksemdene som blir ramma.

Kva er arbeidslivskriminalitet?

Arbeidslivskriminalitet (a-krim) er handlingar som bryt med norske lover om lønns- og arbeidsforhold, trygder, skattar og avgifter, gjerne utført organisert, som utnyttar arbeidstakarar eller verkar konkurransevridande og undergrev samfunnsstrukturen.

Regjeringa sin handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet, 2022 (regjeringen.no)

Korleis jobbar vi for å forhindre a-krim?

Ingen etat kan kjempa mot a-krim åleine. Arbeidstilsynet, NAV, politiet og Skatteetaten jobbar derfor saman for å førebygge og forhindre a-krim. Andre etatar har også viktige oppgåver i innsatsen mot a-krim og bidreg inn i samarbeidet. Gjennom tverretatleg samarbeid blir etatane sin innsats meir effektiv og målretta. Dersom det er brot på ein etat sine lover og reglar, er det ofte brudd på andre sine.

Kvifor?

Arbeidstilsynet, NAV, politiet og Skatteetaten er samlokalisert i a-krimsenter i Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Bodø, Tønsberg og Alta. Ved sentera jobbar medarbeidarar med å avdekke av a-krim, kunnskapsinnhenting og kontroll av verksemder. Sakar som sentera avdekker, blir jobba med vidare hos den enkelte etat. I tillegg til samarbeidet ved sentera er det etablert tverretatlege samarbeid for å forhindre a-krim fleire stader i landet.

Har du mistanke om a-krim og ønskar å kontakte ein av etatane?

For å førebygge og forhindre a-krim er etatane avhengig av god dialog med forbrukarane og arbeids- og næringslivet. Kvar enkelt etat tek imot tips og utgreier tips for ansvarsområdet sitt. Dersom tipset gjeld for fleire myndigheiter, tek etaten som har fått tipset ansvar for å involvere dei andre. Nedanfor finn du kontaktinformasjon til kvar enkelt etat.

Arbeidstilsynet

Ved mistanke om brot på arbeidsmiljølova, knytt til eksempelvis arbeidskontraktar, løn, arbeidstid, innkvartering eller sikkerheit, kontakt Arbeidstilsynet.

Tips Arbeidstilsynet

Ved mistanke om trygdesvindel, misbruk av tiltaksordningar eller anna misbruk av velferdsordningar, kontakt NAV.

Les meir om trygdesvindel (nav.no)

Politiet

Ved mistanke om useriøse verksemder i nærmiljøet ditt, kontakt politiet.

Tips politiet (politiet.no)

Er situasjonen akutt, ring nødnummeret til politiet: 112

Skatteetaten

Ved mistanke om manglande innrapportering i a-ordninga, unndraging av skatt, avgifter, svart arbeid eller andre skattemessige avvik, kontakt Skatteetaten.

Tips Skatteetaten (skatteetaten.no)