Maskiner

Maskiner som blir brukte på arbeidsplassen, skal vere sikre i bruk. Maskiner er regulerte i fleire regelverk, og både arbeidsgivar og maskinprodusent har ansvar og plikter. 

Ei maskin er ei innretning med delar som beveger seg, og som i dei fleste tilfelle har eit drivsystem.

Eksempel på maskiner er

  • ei kompleks produksjonslinje
  • gaffeltruck
  • drill
  • boltpistol
  • sirkelsag og bandsag
  • plog til å pløye jord
  • kran og talje

Detaljert skildring av maskinomgrepet finn du i maskinforskrifta § 2.

Webinar om maskinsikkerhet

Årlig dør omtrent 30 mennesker på jobb mens de utfører arbeid, ofte er grunnen dårlig sikkerhet ved bruk og vedlikehold av maskiner. Hvordan kan arbeid med livsfarlige maskiner gjøres forsvarlig? Se opptak av webinaret «Maskinsikkerhet» fra 18. februar 2021.

Arbeidsgivar sitt ansvar

Arbeidsgivar har plikt til å

  • sørge for at dei maskinene som blir brukte i verksemda, er konstruerte for sikker bruk og har nødvendige verneinnretningar slik at arbeidstakarane er verna mot skadar
  • sikre at arbeidsutstyret som blir brukt, er i samsvar med forskriftskrava til den aktuelle typen maskin
  • sørge for at arbeidstakarane får opplæring og informasjon om maskinene
  • sørge for kontroll og vedlikehald

Les meir om arbeidsgivar sitt ansvar ved kjøp og bruk av maskiner.

Produsenten sitt ansvar

Ein produsent er den som produserer ei heilt eller delvis ferdigstilt maskin. Produsenten har ansvar for

  • at utstyret er i samsvar med krava i forskrifta og i størst mogleg grad er sikker
  • å fjerne eller redusere farar så godt som mogleg
  • å sørge for vernetiltak og informere brukarane om eventuelle farar som framleis er til stades
  • å informere om nødvendig spesialopplæring og bruk av personleg verneutstyr

Nokre gonger blir maskiner selde via ei anna verksemd enn produsenten. Denne verksemda blir i regelverket omtalt som leverandør. Leverandøren skal sørge for at

  • maskina er konstruert og forsynt med verneinnretningar i samsvar med krav i lova
  • det er utferda ei samsvarserklæring eller ei samanstillingserklæring for maskina
  • det følger med fullstendige instruksjonar for installasjon, bruk og vedlikehald av maskina

Les meir om ansvaret som gjeld ved produksjon, levering, import, marknadsføring, omsetning, utleige, utlån eller samanstilling av maskiner

Regelverk

Krav til det fysiske arbeidsmiljøet: Arbeidsmiljølova § 4-4

Produsentar, leverandørar og importørar av maskiner og anna arbeidsutstyr: Arbeidsmiljølova § 5-5

Forskrift om maskiner

Forskrift om utførelse av arbeid


Konverter denne siden til PDF