Råd for å unngå truck-ulykker
Bruk rett type truck og reiskap til det arbeidet du skal gjere.
Sørg for at alle truckførarane har fått god opplæring og at dette er dokumentert.
Hald truckane i god stand og vedlikehald dei jamnleg.
Det skal vere forsvarleg ventilasjon ved ladestaden for truckbatteri.
Å bruke setebelte kan redde liv og hindre alvorlege ulykker, slik som i situasjonar der trucken veltar eller ved påkøyring.
Skil trucktrafikken frå dei gåande, særleg når det er mykje trafikk. Sørg for tilstrekkeleg plass, god orden, godt lys og jamt underlag der truckane skal køyre.
Sørg for best mogeleg sikt ved hjørne, godsstablar og liknande. Legg køyrevegen for trucken eit stykke ut frå veggen eller hjørnet, ikkje sett høge gjenstandar der to køyrebanar møtast. Sladrespeil i lokalet kan hjelpe.
Plasser arbeidsplassar, arbeidsutstyr, dører, lysbrytarar og liknande i god avstand frå køyrebanar for truck.
Sørg for å sikre konteinarar, tilhengarar og liknandene slik at dei står roleg og ikkje sklir bort frå rampa når trucken køyrer inn og ut av dei.
Høg fart aukar faren for påkøyringsulykker og velt. Mange truckar har ei justerbar fartssperre som arbeidsgjevaren kan bruke til å avgrense farten.
Ikkje bruk trucken til passasjertransport og bruk ikkje folk til å sikre lasta.
Skal du løfte personar, skal dette berre skje unntaksvis og berre i ei korg som er tilpassa trucken. Du skal kontrollere utstyret før kvart løft.
Ei vanleg ulykke med palletruck med ståplattform er at føraren får foten i klem mellom kanten av plattforma og ein reol, vegg eller stolpe. Stå med begge føtene på plattforma når du køyrer.
Sideveggar på ståplattforma er eit godt tiltak for å verne truckføraren mot klemfare. Sørg for at det er ei sperre under nedste hylle i reolane, slik at plattforma på trucken ikkje kan kome inn under.