Høgare minstelønn frå 15.juni

Publisert 15.06.2023 - Lesetid: 1 min

Det blir nye satsar i minstelønna frå 15. juni 2023. Satsane gjeld alle arbeidstakarar som arbeider innanfor dei ni bransjane der det er innført minstelønn. 

Les om minstelønn og sjå satsane som gjeld frå 15. juni 2023. 

Allmenngjering av lønn betyr at lønns- og arbeidsvilkåra i ei landsomfattande tariffavtale skal gjelde for alle arbeidstakarar i ein bestemt bransje eller sektor, uavhengig av om dei er organiserte i ei fagforeining eller ikkje. Det er arbeidsgivaren som har ansvaret for at lønna til arbeidstakarane er minst like høg som dei allmenngjorde satsane. 

Arbeidstilsynet fører tilsyn med at verksemdene følger reglane om allmenngjering. Dei gjeld for både norske og utanlandske arbeidstakarar.  

Les flere nyheter om