Nettmøte: Verneombod og arbeidsmiljøet i heimetenesta
Som verneombod i heimetenesta har du ei viktig rolle i å bidra til gode arbeidsforhold for dei tilsette. Arbeidsmiljøet er av avgjerande betydning for helse og produktivitet.
Men kva er dei viktigaste risikoforholda i arbeidet for dykk som jobbar i heimetenesta? Kva er det som påverkar helsa til dei tilsette, og korleis kan de jobbe godt med det førebyggande arbeidsmiljøarbeidet? Dette skal du få lære meir om på dette nettmøtet.
- Når: 12. september kl. 12.00-14.00
- Kvar: Teams, påmelde mottar lenke
- Påmeldingsfrist: 11. september kl. 12.00
Innhald
I dette nettmøtet skal vi diskutere utfordringar og erfaringar og snakke om beste praksis. Du får lære meir om korleis du kan fungere godt i rolla som verneombod, og du får snakke med verneombod frå andre verksemder. I møtet blir det rom for å stille spørsmål og dele idear og tips med kvarandre undervegs.
Vi går gjennom fakta om arbeidsmiljøet i heimetenesta. Vi skal snakke om rollene til dei ulike aktørane i arbeidsmiljøarbeidet og korleis desse skal jobbe saman. De får også tips om verktøy som kan brukast i arbeidsmiljøarbeidet.
Målgruppe
Verneombod i heimetenesta.
Påmelding
Nettmøtet er gratis å delta på, men du må melde deg på. Lenke til nettmøtet blir send til påmelde deltakarar.
Vi ser fram til å treffe deg!
Velkommen!