Tilsette ved brannstasjonar blir utsette for arbeidsmiljøfaktorar som kan føre til blant anna kreft. Ved brannstasjonar skal derfor dei fysiske forholda gi vern mot forureining frå brannrøyk, helsefarlege kjemikaliar og biologiske faktorar. Spesielt viktig er det å oppfylle kravet om reine og ureine område med dusj mellom.
Krav til fysisk arbeidsmiljø i brannstasjonar
Brannfolk og kreftrisiko - intervju med Frode Lie
I dette intervjuet ser vi brannmester Frode Lie i Bergen brannvesen, kjent fra NRK-serien 110, selv fortelle om sine erfaringer og hvilke forebyggende tiltak som er avgjørende for å unngå kreftrisiko i yrket.
Brannfolk og feiarar skal vernast mot forureining frå brannrøyk og biologiske faktorar i alle arbeidsoperasjonar. Kva krav til utforming av brannstasjonen finst med tanke på fysisk arbeidsmiljø?
Arbeidsgivar må legge til rette for at arbeidstakarane har tilstrekkeleg vern frå alarmen går til arbeidet er slutt. Dette stiller mellom anna krav til gode rutinar i samband med sløkkearbeid, ettersløkking, transport tilbake til brannstasjonen, personleg reingjering og vask og kontroll av utstyr.
For å oppfylle krava til fysisk arbeidsmiljø i brannstasjonar og for å sørge for forsvarlege arbeidsforhold må verksemdene ofte utbetre eksisterande lokale eller planlegge nye brannstasjonar. Ombygging av brannstasjonen kan utløyse søknadsplikt. I søknaden om Arbeidstilsynet sitt samtykke må tiltakshavar mellom anna dokumentere løysingar til reine og ureine område.
Skil mellom reine og ureine område
Brannstasjonar har krav om reine og ureine område med dusj mellom. For å oppfylle kravet skal
- reint og ureint område vere fysisk fråskilde
- ureint område ikkje ha direkte gjennomgang til dei andre lokala
Arbeidstilsynet stiller ikkje konkrete krav til løysing, men løysinga som er vald, må oppfylle formålet med reint og ureint område.
Krav til reint område
For å ivareta krava må reint område normalt ha
- kjønnsdelt fingarderobe med kjønnsdelt toalett og garderobeskap for privat tøy. Brannfolk og feiarar skal ikkje reise til og frå jobb i ureint arbeidstøy.
- utrykningsgarderobe eller grovgarderobe med skap som har avtrekk over skapa eller undertrykk, for oppbevaring av brann- og feiarklede etter vask
- pauserom eller opphaldsrom med moglegheit for å lage mat
- kontor eller møterom
- treningsrom
- reinhaldsrom som er utstyrt for den reingjeringsmetoden som er vald
- soverom med tilgang til dusj og toalett. Dette gjeld ved heiltids brann- og feievesen som har behov for innkvartering.
Krav til ureint område
For å ivareta krava må ureint område normalt ha
- kjønnsdelt toalett med tilgang frå vaskehall, vognhall eller kjønnsdelt grovgarderobe
- kjønnsdelt grovgarderobe
- vaskerom til vask av utstyr
- tilgang til barrieremaskin eller industrivaskemaskin – eller rutinar for at tøyet blir vaska utanfor brannstasjonen
- vaskehall eller vaskestad for brannbil og anna utstyr der ein kan ha oljeutskiljar og eksosavsug
Krav om dusj mellom reint og ureint område
Mellom reint og ureint område skal det vere dusj, og dusjen skal vere kjønnsdelt.
Inneheld helsefarlege og giftige stoff
Det er spesielt viktig å skilje mellom reint og ureint område sidan verneklede og utstyr som er brukte, blir skitne og kan innehalde helsefarlege og giftige stoff. Verneklede er utforma slik at dei kan lufte ut varme. Utlufting gjer at helsefarlege og giftige stoff kan kome inn i arbeidstøy, som igjen kan bli tatte opp i huda. For å fjerne slike stoff er det viktig at brannfolk og feiarar dusjar når dei er tilbake på brannstasjonen.
Kravet til reine og ureine område gjeld også sjølv om brannstasjonen bruker Skellefteå-modellen. I denne modellen blir branntøy og verneutstyr pakka ned på innsatsstaden der arbeidet er utført. Reine og tørre klede skal takast på før transport tilbake til brannstasjonen. Sjå eksempel på instruks for behandling av arbeidstøy etter Skellefteå-modellen. Modellen fyller ikkje aleine krava til reine og ureine område, men er eit godt forebyggande tiltak for å redusere risikoen for spreiing av mellom anna helsefarlege stoff frå tøy.