Trygg truckkøyring
Bruk rett truck og sørg for god opplæring og godt vedlikehald.
Truck er ein av dei maskinane som er involvert i flest ulykker. Ulykker med truck skjer oftast i situasjonar som
- påkøyring
- kollisjon med annan truck, reol, stolpe eller liknande
- last som fell av
- velt
- fall frå trucken
Regelverket krev:
Arbeidsgivaren skal i samarbeid med arbeidstakarrepresentantane kartlegge forholda rundt truckarbeidet, og vurdere risiko. Ut frå dette skal verksemda velje løysingar som inneber låg risiko. Dette er ein del av HMS-arbeidet i verksemda og skal dokumenterast skriftleg.
Trucken skal vere CE-merka dersom han er omsett første gongen innan EØS-området etter 1. januar 1995. Også eldre truckar skal oppfylle dei same krava til tryggleiken.
Leverandøren har plikt til å levere setebelte i motvektstruckar under 10 tonn. Arbeidsgivaren skal installere setebelte på tilsvarande truckar som er tatt i bruk før 1. januar 2002. Arbeidsgivaren skal sørge for at setebeltet blir brukt.
Alle som skal bruke truck, eller «løfte og stablevogn med permanent førarplass på vogna», som det heiter i forskrifta, skal ha sertifisert tryggleiksopplæring (truckførarbevis). Sjå forskrift om utførelse av arbeid §§ 10-1 og 10-3. I tillegg skal alle truckførarar ha opplæring i bruken av den aktuelle trucken dei blir satt til å køyre, sjå forskrift om utførelse av arbeid §§ 10-1, 10-2 og 10-4.
Godkjende opplæringsverksemder utferdar truckførarbevis etter kurs med godkjend resultat.
Arbeidsgivaren pliktar å gi opplæring og instruksjon til truckførarar og andre som arbeider i områder der truck er i bruk.
- Dagleg kontroll
- Regelmessig vedlikehald
- Årleg kontroll utført av sakkyndig verksemd :
- minst ein gong kvar tolvte månad
- ved overbelasting
- etter større reparasjonar og ombyggingar
Les mer på siden om Arbeidsutstyr med krav om sakkyndig kontroll og sikkerhetsopplæring.
Arbeidsplassen må være tilrettelagt for truckkjøring. Arbeidsplassforskriften har krav til utforming av arbeidslokaler og arbeidsplassar inne og ute.