Gebyr for behandling av byggesaker

Arbeidstilsynet behandlar byggesaker etter arbeidsmiljølova. Denne behandlinga blir belasta med eit gebyr.

Gebyret er fastsett etter følgande retningslinjer:

Publikumsbygg og yrkesbygg uten faste arbeidsplassar, for eksempel lager.

Gebyr per sak:

a) BRA 0–100 m²: kr 808,-

b) BRA 101–500 m²: kr 1 618, -

c) BRA 501–1000 m²: kr 2 426,-

d) BRA 1001–10 000 m²: kr 3 236,-

e) BRA over 10 000 m²: kr 4 480,-

(BRA = Bruksareal etter NS 3940)

Yrkesbygg med faste arbeidsplassar, men utan maskinelle prosessar og forureiningar (for eksempel butikkar og kontorlokale).

Gebyr per sak:

a) BRA 0–100 m²: kr 2 426,-

b) BRA 101–500 m²: kr 4 854,-

c) BRA 501–1000 m²: kr 7 280,-

d) BRA 1001–10 000 m²: kr 9 707,-

e) BRA over 10 000 m²: kr 13 440,-

(BRA = Bruksareal etter NS 3940)

Yrkesbygg med faste arbeidsplassar og med maskinelle prosessar og fare for forureiningar (for eksempel maskinverkstader og laboratorium).

Gebyr per sak:

a) BRA 0–100 m²: kr 4 854,-

b) BRA 101–500 m²: kr 9 707,-

c) BRA 501–1000 m²: kr 14 561,-

d) BRA 1001–10 000 m²: kr 19 415,-

e) BRA over 10 000 m²: kr 26 875,-

(BRA = Bruksareal etter NS 3940)

Ved større byggekompleks (for eksempel butikksenter og flyplassutbygging) blir gebyret vurdert i kvart enkelt tilfelle.

I enkeltsaker som ikkje går inn under nokre av dei nemnde kategoriane (for eksempel ventilasjonssaker og bygningstekniske installasjonar), vil det maksimale gebyret vere kr 1 295,-.

Gebyret for saksbehandling er det same anten du får samtykke eller avslag på søknaden. Dersom du søker på nytt, får du eit nytt gebyr.

Maksimalsatsane for gebyr vart sist justert 1. juli 2024.

Kven skal betale?

Det er den som er søkar av tiltaket – tiltakshavar – som får tilsendt regninga.

Frist for betaling

Du må betale innan den oppgitte betalingsfristen. Gebyr som ikkje blir betalte innan fristen, blir tvangsinnkrevd av Statens innkrevingssentral. Du får da eit tilleggsgebyr.

Klage

Du har rett til å klage på vedtak om gebyr.

Slik går du fram for å klage på Arbeidstilsynet sine vedtak

Les meir

Les meir om Arbeidstilsynet sitt samtykke – byggesak