Klart språk i Arbeidstilsynet
Arbeidstilsynet skal bidra til eit betre og tryggare arbeidsmiljø. Språket vårt skal vere tydeleg, forståeleg og korrekt, og tilpassa dei vi skriv for. Det er viktig for at lesarane våre skal skjøne kva teksten handlar om og kva dei må gjere.
Språkprofilen vår
Språkprofilen vår har 10 retningslinjer. Retningslinjene gjeld for alle tekstane vi skriv i Arbeidstilsynet, til dømes tilsynsrapportar, e-postar, svar på søknadar, strategiar og innhald på nett. Språkprofilen gir også skrivetips og eksempel for å gjere det lettare for oss i Arbeidstilsynet å skrive klart.
Språkprofilen blei lansert våren 2021.
Slik skriv vi i Arbeidstilsynet. Arbeidstilsynets språkprofil, nynorsk.pdf Slik skriver vi i Arbeidstilsynet. Arbeidstilsynets språkprofil, bokmål.pdfVann klarspråkprisen for staten
Arbeidstilsynet vann klarspråkprisen for staten 2020. Prisen blir delt ut årleg og går til statsorgan som gjer eit langsiktig og systematisk arbeid for å bruke eit klart, godt og brukarvennleg språk. Les meir om klarspråksprisane (sprakradet.no).