Sjuk i ferien?

Publisert 02.07.2024 - Lesetid: 2 min

Sommarferien er eit etterlengta avbrekk for mange. Kva skjer om du er så uheldig å bli sjuk under ferien? 

Bildet viser en person som ligger på ei seng med en koffert ved siden av seg.

SKAL DOKUMENTERAST: Viss ein arbeidstakar ønsker å utsette ferien på grunn av sjukdom, må arbeidsuføret dokumenterast med ei legeerklæring. FOTO: Colourbox.

– Kvar sommar får vi mange spørsmål frå arbeidstakarar som hadde gledd seg til ferie, men som har fått ferieplanane øydelagt av sjukdom. Dei fleste lurer på om dei kan ta igjen den spolerte ferieperioden på eit seinare tidspunkt, seier Vigleik M. Aas som er seksjonsleiar for svartenesta i Arbeidstilsynet.

Kan utsettast med legeerklæring

Ferie er regulert i ferielova, men tariffavtalar kan også ha bestemmingar om ferie. Dette er hovudreglane:

Viss du som arbeidstakar blir sjuk i ferien:

  • Viss du blir sjukmeld i løpet av ferien, kan du få feriedagane utsett allereie frå og med første dag du blei sjuk, inkludert laurdag.
  • Du må dokumentere sjukdommen med legeerklæring/sjukmelding og snakke med arbeidsgivar så raskt som mogleg.
  • For å ha rett til ny ferie må du ha vore heilt (100 prosent) sjukmeld.

Viss du som arbeidstakar blir heilt arbeidsufør før ferien:

  • Du kan få utsett ferien til seinare i året.
  • Du må dokumentere sjukdommen med legeerklæring/sjukmelding og snakke med arbeidsgivar så snart som mogleg, seinast siste arbeidsdag før ferien.

Vigleik M. Aas presiserer at retten til å utsette ferien gjeld ved eigen sjukdom. 

– Ferielova gir berre rett til å utsette feriedagar når det er arbeidstakaren sjølv som blir 100 % sjukmeld. Arbeidstakaren har ikkje rett til å krevje utsett ferie på grunn av sjukt barn, seier Aas.

Les meir om retten og plikta arbeidstakarar har til ferie

Vurder behov

Det er naturlegvis greitt å halde fram med å avvikle ferie sjølv om du pådrar deg ein skade som normalt ville gjort at du ikkje kunne arbeide. 

– Ein brekt finger eller eit betent handledd kan gjere deg heilt arbeidsufør i mange yrke. Men det kan godt hende at ferien du har planlagt, lèt seg gjennomføre likevel, seier Vigleik M. Aas i Arbeidstilsynet.

– Tilsvarande gjeld andre vegen. Ein brekt ankel medfører ikkje nødvendigvis at du blir arbeidsufør dersom du har ein kontorjobb. Men den planlagde fjellturen du skulle på, lèt seg kanskje ikkje gjennomføre med gips på foten. Desse tinga må du snakke med legen din om, slik at de saman kan vurdere arbeidsuførleiken rett, seier Aas.

Fekk du ikkje svar på det du lurte på? Då kan du ta kontakt med svartenesta til Arbeidstilsynet.

Relaterte artikler

Bildet viser ei kvinne som sitter på ei huske foran en fjord.

TID FOR FERIE: Kan arbeidsgivar kalle meg tilbake frå ferie? Og har eg rett til å utsetje ferien min når eg er sjukmeld? Mange kontaktar Arbeidstilsynet med spørsmål om ferieavvikling. FOTO: Arbeidstilsynet.

Nyhet

Ofte stilte spørsmål om ferie

Sommarferien nærmar seg , og Arbeidstilsynet får mange spørsmål om ferie. Her svarer vi på det fleire lurar på.   

Publisert 21.05.2024
Lesetid: 3 min
BIldet viser ei kvinne som sitter i åpningen av et telt. Ved siden av henne sitter en hund.

OPPTENTE MIDLAR: Kor mykje får eg eigentleg i feriepengar? Og påverkar sjukmelding retten til feriepengar? FOTO: Colourbox.

Nyhet

Ofte stilte spørsmål om feriepengar

For mange blir lønna i juni erstatta av oppsparte feriepengar. Her er nokre spørsmål om feriepengar som vi i Arbeidstilsynet få...

Publisert 23.05.2024
Lesetid: 2 min
Bildet vider ei sommerkledd kvinne på ei strand.

SOMMERFERIE: Tidspunkt for sommerferie skal planlegges med nærmeste leder. Er det ikke mulig å etterkomme ferieønskene til alle ansatte, er det arbeidsgiver som til slutt kan bestemme tidspunktet for ferien din. FOTO: Colourbox.com. 

Kan arbeidsgiver bestemme når jeg skal ha sommerferie?

Etterlengtede feriedager nærmer seg for mange av oss . Men hvem har egentlig siste ordet når det kommer til tidspunktet for...

Publisert 14.05.2024