Høgare minstelønn frå 1. november

Publisert 01.11.2024 - Lesetid: 2 min

Frå 1. november får ni bransjar auka minstelønn. Det er Tariffnemnda som har vedtatt endringane.

Bildet viser ei sparebøsse med norske penger rundt.

ALLMENNGJORT: Det er fastsett nye satsar i minstelønna frå 1. november 2024. FOTO: Colourbox.com.

 Nye satsar for minsteløn gjeld alle arbeidstakarar innanfor desse bransjane:

  • Bygg
  • Reinhald
  • Overnatting, servering og catering
  • Skips- og verftsindustrien
  • Jordbruk og gartneri
  • Fiskeindustribedrifter
  • Elektro
  • Godstransport på veg
  • Persontransport med turbil

Les om allmenngjeringsforskriftane som gjeld frå 1. november 2024

I tillegg til auka minsteløn, har Tariffnemnda mellom anna vedtatt overtidssatsar og 37,5 timars arbeidsveke innanfor elektrofaga. Og at minstelønna for sjåførar innan godstransport også skal gjelde for sjåførar av varebilar over 2,5 tonn frå 1. juni 2025. Dette medfører allmenngjering for ein ny del av bransjen. Så langt har dette berre gjeldt for køyretøy over 3,5 tonn, som vi ofte kallar for tungtransport.

LES MEIR: Minstelønn til varebilbransjen

Kva er allmenngjering?

Allmenngjering av lønns- og arbeidsvilkår betyr at alle arbeidstakarar som jobbar innanfor eit fagområde eller i ein bransje har rett til minst dei same lønns- og arbeidsvilkår som forskrifta fastset. Formålet  er å hindre at utanlandsk arbeidskraft får dårlegare lønns- og arbeidsvilkår enn det som er vanleg i Noreg.

Allmenngjeringa skjer ved at ei forskrift blir vedteken av Tariffnemnda. Forskrifta gjeld for både norske og utanlandske tilsette.

Arbeidstilsynet fører tilsyn med at verksemdene følger reglane om allmenngjering. Dei gjeld for både norske og utanlandske arbeidstakarar.

Les om Tariffnemnda og nye forskrifter for allmenngjering på nemndene.no.

Skrevet av