Får du hjelp til snøryddinga? Hugs arbeidsmiljøloven.

Publisert 20.01.2023 - Lesetid: 3 min

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Mykje snø i store delar av landet tvingar mange opp på taket for å moke. Hugs at du blir rekna som arbeidsgivar og har ansvar for forsvarleg sikring, dersom du betaler nokon du kjenner for å gjere jobben for deg.

Mann måker snø av tak.

SØRG FOR SIKKER MOKING: Alt arbeid over to meter skal sikrast. FOTO: Arbeidstilsynet

Når snøen lavar ned, er det mange privatpersonar som betaler andre for å moke for seg. For eldre eller menneske med rørslevanskar, for eksempel, kan det vere hensiktsmessig å betale nokon for å gjere den tunge jobben.

Men kven er det eigentleg som har ansvaret om naboguten som er hyrt inn for å moke, skader seg under arbeidet?

Arbeidsgivar har ansvaret for å førebygge ulykker

For alle typar arbeid er det arbeidsgivaren som har ansvaret for å førebygge at ulykker skjer. Om du som privatperson hyrer inn nokon, er det du som er arbeidsgivar.

– Det er du som huseigar som er oppdragsgivar i denne samanhengen. Dersom du hyrer inn ein ungdom til å moke taket ditt, framfor ein profesjonell aktør, så vil du som privatperson stå ansvarleg, opplyser Bård Hjorth, som er seksjonsleiar i Arbeidstilsynet.

– Ein skal tenke nøye på at ein tar på seg eit stort ansvar. I verste fall skader personen seg stygt, og ein kan bli gjord personleg erstatningsansvarleg, seier han.

Du blir fråtatt ansvaret når du leiger inn eit firma til å gjere jobben.

– Leiger du inn privatpersonar, ligg HMS-ansvaret på deg som huseigar, men gir du jobben til eit firma, så har du fritatt deg for ansvaret, seier Hjorth.

Alt arbeid over to meter skal sikrast

Alt arbeid over to meter skal sikrast. I utgangspunktet skal ein setje opp stillas når ein jobbar på tak, men det er vanskeleg når det gjeld snømoking. Personleg sikring i form av sele kan vere tilstrekkeleg på arbeid under fire timar.

– Arbeidsmiljøloven er klar på det – arbeidstakarar skal vere sikra når dei jobbar i høgda. Kva ein vel å gjere som privatperson, er ikkje regulert av lova, og mange mokar nok tak utan å vere sikra. Ingen ungdom skal opp på tak utan sikring. Det gjeld for så vidt alle. Det er anbefalinga mi, seier Hjorth.

Les meir om arbeid i høgda

Hugs

  • Arbeidsgivar har ansvar for å førebygge ulykker.
  • Sørg for å kartlegge arbeidsoperasjonar, vurdere risiko og gjennomføre tiltak.
  • Ta særleg omsyn til unge arbeidstakarar.

Lag og organisasjonar har arbeidsgivaransvar for frivillige

Nokre gonger er det slik at lag og organisasjonar tar på seg oppgåver som moking av tak. Lag og organisasjonar må vere klare over at dei har eit arbeidsgivaransvar for dei som utfører jobben.

For alle typar arbeid er det arbeidsgivaren som har ansvaret for å førebygge at ulykker skjer. Arbeidsgivaren må vurdere risikoen ved snørydding på den aktuelle bygningen. Det handlar heilt enkelt om å kartlegge kva farar som kan oppstå, kor sannsynleg det er at det skjer, og kva konsekvensar dette kan få. Deretter må arbeidsgivaren finne ut korleis ein kan forhindre farar, og kva ein skal gjere om uhellet er ute.

Mykje frivillig arbeid blir utført av barn og unge. Ver klar over at det er viktig å ta omsyn til at unge arbeidstakarar er meir utsette for skadar og ulykker. Sørg derfor for ekstra god opplæring og informasjon.

Les meir om frivillig arbeid

Relaterte artikler

Bygningsarbeider monterer et stillas

Analysen av fallulykker viser at de fleste falt fra tak, gulv eller annen bygningsdel, etterfulgt av fall fra stillas og stige. (Illustrasjonsfoto: Arbeidstilsynet)

Nyhet

Hvert år dør åtte ansatte i bygg og anlegg – fallulykker går igjen som årsak

I gjennomsnitt har åtte personer omkommet per år i næringen bygge- og anleggsvirksomhet de siste ti årene. En analyse av 111...

Publisert 03.11.2022
Lesetid: 4 min