Kva er status i arbeidet med endringar i arbeidsmiljølova og i forskrift om utføring av arbeid for å tydeleggjere regelverket om psykososialt arbeidsmiljø? Kva kan dette bety for deg som arbeider i BHT?
Velkommen til erfaringssamling for alle som jobbar i bedriftshelsetenesta.
Når: torsdag 27. mars 2025, 12:00 - 15:30
Hvor: Nygårdsporten, Nygårdsgaten 112
Påmeldingsfrist: mandag 24. mars 2025, 12:00
Innhold
Arbeidstilsynet og Havindustritilsynet ser behov for å løfte fram og tydeleggjere dagens krav til det psykososiale arbeidsmiljøet, slik at regelverket betre kan bidra til å hjelpe verksemdene til eit godt systematisk førebyggjande arbeidsmiljøarbeid på området.
I samlinga vil vi diskutere:
- Bakgrunn, forslag og status for arbeidet med ei tydelegare regulering av det psykososiale arbeidsmiljøet
- Erfaringar frå Arbeidstilsynet og Havindustritilsynet knytta til psykososialt arbeidsmiljø
Målgruppe
Målgruppe for samlinga er alle tilsette i bedriftshelsetenesta.
Praktisk informasjon
Erfaringssamlinga er gratis, men du må melde deg på. Frist for påmelding er 24. mars kl. 12.00.
Vi har eit begrenset tal plassar. Er du forhindra i å møte er det viktig at vi får beskjed så tidleg som mogleg.
Velkommen!