Vil du lære meir om korleis du kan jobbe kunnskapsbasert med arbeidsmiljøet på din arbeidsplass? Og korleis eit godt partssamarbeid kan bidra til auka produktivitet? Då bør du bli med på regionalt IA-erfaringsseminar i Ski!
Arbeidsmiljøarbeid basert på kunnskap og godt partssamarbeid gir gevinstar! På veg inn i ei ny IA-avtale
Innhald
På erfaringsseminaret fortel ekspertar på arbeidsmiljøarbeid om korleis ein med enkle grep kan jobbe systematisk for å betre eige arbeidsmiljø. Du får høyre korleis ein kan få til eit godt partssamarbeid i praksis, kva det vil seie å jobbe kunnskapsbasert og kvifor det er så viktig.
For å hjelpe dykk å få dette til presenterar vi også digitale verktøy som kan hjelpe. Verktøya er kunnskapsbaserte, bransjetilpassa og gratis.
Foreløpig program
Dørene opner kl. 08.45.
09.00-09.10: Velkomen
09.10-09.30: Kva er IA og Arbeidsmiljøsatsinga? Ny IA-avtale, kva er nytt?
09.30- 09.50: Panelsamtale om partssamarbeid med representantar frå partane. Kva er det, kven er det, kva snakkar vi om, og kva legg vi i partssamarbeid?
09.50-10.10: Partssamarbeid i praksis. Erfaringsdeling: kva gjer dei som får det til? Korleis og kva kan vi jobbe saman om i det forebyggande arbeidsmiljøarbeidet?
10.10 -10.25: Gruppeoppgåve/refleksjon: Kva må vi gjere for å styrkje det lokale IA-arbeidet og partssamarbeidet hos oss?
10.25-10.45: Beinstrekk
10.45-11.45: Korleis jobbe kunnskapsbasert? Arbeidsmiljøportalen, NAV Arbeidslivssenter, Arbeidstilsynet, Bransjeprogramma - kor finn du hjelp og støtte? Praktisk oppgåve.
11.45-12.00: Avslutning med evaluering
12.00: Enkel lunsj
Målgruppe
Seminaret er retta mot leiarar, verneombod, tillitsvalde og HR- og HMS-personell i alle typar verksemder og bransjar som ønskjer å styrkje kompetansen og engasjementet for arbeidsmiljøet. Godt partssamarbeid gir den største gevinsten. Vi anbefaler derfor at leiar og tillitsvald og/eller verneombod deltek saman.
Praktisk
Det er gratis å delta på seminaret. Vi serverer enkel lunsj, og du må derfor melde deg på for å delta. Påmeldingen er bindende.
Om du likevel ikkje kan delta, er det fint om du melder deg av igjen innan påmeldingsfristen. Slik frigir du plassen din til nokon andre. Talet på plassar er avgrensa.
Seminaret blir arrangert av regionale arbeidslivspartnarar i samarbeid med NAV Øst-Viken og Arbeidstilsynet.
Velkommen!