Vil du lære meir om korleis du kan jobbe kunnskapsbasert med arbeidsmiljøet på din arbeidsplass? Og korleis eit godt partssamarbeid kan bidra til auka produktivitet? Då bør du bli med på regionalt IA-erfaringsseminar i Hammerfest!
Arbeidsmiljøarbeid basert på kunnskap og godt partssamarbeid gir gevinstar! På veg inn i ei ny IA-avtale
Innhald
På erfaringsseminaret fortel ekspertar på arbeidsmiljøarbeid om korleis ein med enkle grep kan jobbe systematisk for å betre eige arbeidsmiljø. Du får høyre korleis ein kan få til eit godt partssamarbeid i praksis, kva det vil seie å jobbe kunnskapsbasert og kvifor det er så viktig.
For å hjelpe dykk å få dette til presenterar vi også digitale verktøy som kan hjelpe. Verktøya er kunnskapsbaserte, bransjetilpassa og gratis.
Foreløpig program
Dørene opner kl. 08.45. Konferansier er Bianca M. Johansen frå KS.
- 09.00-09.10: Velkomen
- 09.10-09.30: Kva er IA og Arbeidsmiljøsatsingen? Ved LO Troms og Finnmark og NHO Arktis
- 09.30- 10.25: Panelsamtale om partssamarbeid, med representantar frå alle partane
- Kva er det, kven er det, kva snakker vi om? Kva legg vi i partssamarbeid?
- Partssamarbeid i praksis. Erfaringsdeling: kva gjer virksomheitane som får det til? Korleis og kva kan vi jobba saman om i det forebyggande arbeidsmiljøarbeidet?
- Kva må vi gjerne for å styrke det lokale IA-arbeidet og partssamarbeidet hos oss?
- 10.25-10.45: Beinstrekk
- 10.45-11.45: Korleis jobbe kunnskapsbasert? Arbeidsmiljøportalen, bransjeprogramma - kor finn du hjelp og støtte? v/Arbeidstilsynet & NAV Arbeidslivssenter
- 11.45-12.00: Avslutning med evaluering
- 12.00: Enkel lunsj
Målgruppe
Seminaret er retta mot leiarar, verneombod, tillitsvalde og HR- og HMS-personell i alle typar verksemder og bransjar som ønskjer å styrkje kompetansen og engasjementet for arbeidsmiljøet. Godt partssamarbeid gir den største gevinsten. Vi anbefaler derfor at leiar og tillitsvald og/eller verneombod deltek saman.
Praktisk
Det er gratis å delta på seminaret. Vi serverer enkel lunsj, og du må derfor melde deg på for å delta. Påmeldingen er bindende.
Om du likevel ikkje kan delta, er det fint om du melder deg av igjen innan påmeldingsfristen. Slik frigir du plassen din til nokon andre. Talet på plassar er avgrensa.
Velkommen!