Meldeplikta til legane

Alle legar skal melde frå om sjukdom som dei trur kjem av arbeidssituasjonen til pasienten. Meldinga skal skje på skjemaet «Melding om arbeidsrelatert sjukdom eller skade» og sendast til rett tilsynsmyndigheit.

Send skjemaet til rett tilsynsmyndigheit

Ifølge arbeidsmiljølova skal meldingar om arbeidsrelatert sjukdom sendast til Arbeidstilsynet. Men dersom meldinga gjeld arbeid på kontinentalsokkelen eller flygande personell, skal meldinga sendast til Petroleumstilsynet eller Luftfartstilsynet. 

Send meldinga per post til Arbeidstilsynet, Pb. 4720 Torgarden, 7468 Trondheim.

Om du bruker ferdig frankerte svarkonvoluttar frå Arbeidstilsynet, sender du dei til adressa som står på konvolutten.

Du kan også sende meldinga via eDialog.

Send meldinga til Petroleumstilsynet, Pb. 599, 4003 Stavanger.

Send meldinga til Luftfartstilsynet, Pb. 243, 8001 Bodø.

Bruk same skjema til både Arbeidstilsynet, Petroleumstilsynet og Luftfartstilsynet.

Dersom skjemaet er fullstendig utfylt, får meldaren eit honorar på 150 kroner. Skadar er ikkje omfatta av meldeplikta og blir ikkje honorert.

Last ned meldeskjema

Her kan du laste ned meldeskjemaet for arbeidsrelatert sjukdom og skade. 

Last ned skjemaet (wordformat, .docm)
Last ned skjemaet (pdf-format, .pdf)

Dersom du har problem med å laste ned eit skjema, kan du få hjelp frå Signform som har programmert skjemaa: info@signform.no

Last ned skjemaet (word-format, .docm) 
Last ned skjemaet (pdf-format, .pdf)

Dersom du har problem med å laste ned eit skjema, kan du få hjelp frå Signform som har programmert skjemaa: info@signform.no

Skjemaet ber deg fylle ut opplysningar om

  • pasienten
  • arbeidsgivaren
  • yrke
  • type sjukdom
  • bakgrunn for sjukdommen

Opplysningane blir behandla konfidensielt og er svært viktige for det førebyggande arbeidet til tilsynsmyndigheitene.

Bestill papirskjema og konvoluttar

Du kan bestille papirskjema og ferdig frankerte konvoluttar på e-post:post@arbeidstilsynet.no

I e-posten skriv du kor mange skjema du vil ha og om du ønsker skjema på nynorsk eller bokmål. Legg også ved postadressa di. 

Du kan bruke same skjema til alle tilsynsmyndigheitene. Ver merksam på at konvoluttane berre kan brukast for meldingar til Arbeidstilsynet, det vil seie meldingar som gjeld landbaserte verksemder.

Kva skal legen melde frå om?

Både fysiske og psykiske helseplager kan oppstå eller bli forverra av arbeidsmiljøet.

Legar skal melde frå om alle sjukdommar og plagar som dei trur kan skuldast arbeidet til pasienten.

Det er nok at legen har mistanke om at sjukdommen har samanheng med arbeidet. Meldinga føreset ikkje at det er tatt endeleg stilling til årsakssamanhengen. Ho krev heller inga fullstendig førehandsutgreiing.

Det er legen sjølv som må velje kva for tilfelle som bør meldast. Det er like relevant å melde frå om muskel- og skjelettplager og psykiske plager som det er å melde lungesjukdom eller kreft.

Tilsynsmyndigheitene ønsker også melding om skadar som skuldast arbeidet. Men i motsetning til sjukdom, er skadar ikkje meldepliktige etter lova. Derfor må pasienten tillate at skaden meldast.

Kvifor melde frå?

Arbeidstilsynet og dei andre myndigheitene er avhengige av informasjon frå legane for å kunne målrette det førebyggande arbeidsmiljøarbeidet. 

Enkeltmeldingar eller fleire likearta meldingar kan føre til at Arbeidstilsynet set i verk tiltak mot farlege produkt, arbeidsprosessar eller utstyr, eller overfor særskilte bransjar. Meldingar om risikoforhold som er lite kjente, blir brukt til å sette i verk kartleggings- og forskingsarbeid.

I enkelte tilfelle kan tilsynsmyndigheiten følge opp enkeltmeldingar for å førebygge nye sjukdomstilfelle. Dersom Arbeidstilsynet veljer å følge opp ei melding der vi må namngi pasienten overfor arbeidsgivaren, tar vi kontakt med pasienten for å få samtykke.

Pasienten kan ta med ein kopi av meldeskjemaet og bruke det for å orientere arbeidsgivaren og bedriftshelsetenesta om helsefarlege forhold i arbeidet. Skjemaet kan også synleggjere behov for tilrettelegging.

Dersom pasienten kan ha rett til å få dekt utgifter til helsetenester for ein yrkesskade, kan han eller ho gi ein kopi av meldeskjemaet til NAV og arbeidsgivaren sitt forsikringsselskap.

Merk likevel at legen skal fylle ut og sende inn skjemaet også når pasienten ikkje har rett til dekte utgifter eller stønad frå NAV. Arbeidsrelatert sjukdom og skade omfattar langt meir enn kva folketrygdlova og lov om yrkesskadeforsikring godkjenner som «yrkessjukdommar». 

Regelverk

Om meldeplikta til legane: Arbeidsmiljøloven § 5-3 Leges meldeplikt


Konverter denne siden til PDF