Yrkesskadeforsikring

Alle arbeidsgivarar skal teikne privat yrkesskadeforsikring for sine tilsette. Yrkesskadeforsikringa skal dekke tap, utgifter og eventuell erstatning i samband med sjukdom eller skade som er påført i arbeidssamanheng.

Yrkesskadeforsikring gjeld for yrkesskade og yrkessjukdom som er definert i folketrygdlova. Ho dekker også anna skade og sjukdom dersom dette skuldast  arbeidsulykke eller påverknad frå skadelege stoff eller arbeidsprosessar.

Forsikring skal dekke påført inntektstap og påførte utgifter, tap i framtidig inntektsgivende arbeid og framtidige utgifter, eventuelt ménerstatning og erstatning til etterlatne.

Rett krav til forsikringsselskap

Pasienten eller etterlatne skal rette krav til siste arbeidsgivar sitt forsikringsselskap.

Namn på forsikringsselskap kan du få oppgitt hos arbeidsgivar sitt personalkontor, regnskapsførar eller revisor. Er verksemda lagt ned, vil namn på revisor og andre nøkkelpersonar vere oppbevart i Brønnøysundregistera (bbreg.no).

Dersom arbeidsgivar ikkje hadde teikna yrkesskadeforsikring, rettar du kravet til:

Yrkesskadeforsikringsforeininga
Postboks 2551 Solli
0202 Oslo

Korte fristar

Du bør fremme krav til forsikringsselskap så snart som mogleg på grunn av korte fristar for forelding. Årsakssamanhengen treng ikkje å vere gjort greie for først.

Tilsette i staten

Staten er unntatt frå denne forsikringsplikta. Er du tilsett i staten, har du yrkesskadeforsikring i Statens pensjonskasse.

Meir informasjon

Justis- og beredskapsdepartementet gir nærare opplysningar om ordninga: Justis- og beredskapsdepartementet (regjeringen.no)

Yrkesskadeforsikringsforeininga (YFF) har som oppgåve å behandle erstatningskrav frå arbeidstakarar som ikkje er forsikra: Yrkesskadeforsikringsforeningen (yff.no)

Statens pensjonskasse om yrkesskadeforsikring for tilsette i staten: SPK – Yrkesskadeforsikring (spk.no)

Regelverk

Yrkesskadeforsikring i lov om yrkesskadeforsikring (lovdata.no)

Definisjon av yrkesskade og yrkessjukdom i folketrygdlova § 13-3 og § 13-4 (lovdata.no)