Alle arbeidsplassar skal ha dagslys og utsyn. Nokre gonger kan kravet vere vanskeleg å foreine med funksjonen og energibruken til bygget, men er like fullt eit klart krav.
Krav til dagslys og utsyn
Kravet kan by på utfordringar ved planlegging av bygg som skal innehalde kontorarbeidsplassar, kjøpesenter, butikklokale, skolar, bilvasklokale osv. Det kan også komme i konflikt med målet om å spare energi, minske varmetap og unngå for mykje solvarme.
Forskriftskravet om dagslys og utsyn er uansett hovudregelen ved søknad om Arbeidstilsynet sitt samtykke ved nybygg og ombygging.
Korfor er det krav om dagslys og utsyn på arbeidsplassen?
- Dagslys er nødvendig for å halde oss vakne, opplagde og friske. Utsyn er nødvendig for å orientere oss i omgivnadane.
- Dagslys fremmer vekst og utvikling. Det påverkar den biologiske klokka som styrer døgnrytme, hormonsvingingar, energibalanse og ei rekke kroppsfunksjonar.
- Dagslys fremmer læring og læringsmiljø.
- Godt dagslys om dagen gir betre søvnkvalitet om natta.
- Kunstig belysning kan i praksis ikkje erstatte dagslys sidan lysspekteret ikkje greier å imitere dagslyset godt nok til å ta hand om dei fysiologiske behova.
Byggteknisk forskrift konkretiserer krava
Byggteknisk forskrift stiller krav til dagslys og utsyn. Rettleiinga til forskrifta seier blant anna at i «byggverk for publikum og arbeidsbygning vil i tillegg alle arbeidsrom og publikumsrom være rom for varig opphold. Arbeidsrom og spiserom i arbeidslokale skal ha tilfredsstillende dagslys når ikke hensynet til oppholds- og arbeidssituasjonen tilsier noe annet.»
Rettleiinga seier også at «krav til dagslys kan verifiseres enten ved beregning som bekrefter at gjennomsnittlig dagslysfaktor i rommet er minimum 2 %, eller ved at rommets dagslysflate utgjør minimum 10 % av bruksarealet».
Arbeidstilsynet forvaltar ikkje byggteknisk forskrift. Dersom Arbeidstilsynet behandlar søknader der det er usikkerheit rundt kravet til dagslys og utsyn ifølge arbeidsplassforskrifta § 2-10, kan søkaren likevel dokumentere at kravet er oppfylt. Da må søkar vise at løysinga tilfredsstiller krava i byggteknisk forskrift (TEK) som gjeld på søknadstidspunktet. Dette kan for eksempel gjelde tilfelle der avstand frå arbeidsplassen til fasaden verkar stor.
Merk at vindaugsflater som skal ta hand om kravet til dagslys og utsyn, ikkje skal dekkast til med innreiing, reklame eller liknande. I så fall vil kravet til dagslys og utsyn ikkje lenger vere tatt hand om.
Unntak i regelverket
Arbeidsplassforskrifta gir unntak for heilt spesielle tilfelle. Ho seier at lokale utan dagslys og utsyn kan brukast som arbeidsplass i visse tilfelle:
Nokre arbeidsplassar må av tekniske eller sikkerheitsmessige grunnar ligge under jorda. Unntaket kan brukast når arbeidsplassen etter ei konkret vurdering må ligge under jorda av grunnar nemnt i forskrifta. I praksis gjeld dette svært få tilfelle.
Eit fåtal typar arbeid må utførast utan tilgang til dagslys og utsyn, for eksempel gruvearbeid eller andre anlegg i fjell.
Lokalet sin storleik eller tida arbeidstakaren oppheld seg der, kan gjere mangel på dagslys og utsyn forsvarleg. Unntaket omfattar når
- lokalet sin storleik kan gjere at det ikkje blir stilt krav om at alle arbeidsplassar skal ha fullt dagslys og utsyn, for eksempel industribygg med store, opne rom
- arbeidstakarane oppheld seg ved arbeidsplassen i svært kort tid.
Kommentardelen i forskrifta seier at «for midlertidige og skiftende arbeidsplasser stilles det ikke krav om dagslys og utsyn, det vil si at kortvarige, daglige arbeidsoperasjoner eller midlertidig arbeid i rom som ikke oppfyller kravene, vil kunne godtas.»
Unntaket kan gjelde dersom ei ombygging av eksisterande arbeidslokale fører til store ulemper og vesentlege omkostningar.
Ifølge kommentardelen til forskrifta blir for eksempel innsetting av vindauge i eksisterande arbeidsrom over jord, ikkje rekna som eit tiltak som kan føre til store omkostningar eller ulemper. Søkar må i så fall dokumentere at det gir heilt spesielle bygningsmessige problem.
Målet om å spare energi gjer at mange bygg blir planlagde med lita ytre overflate, stort volum og avgrensa vindusareal. Dette for å minske varmetap og unngå for mykje solvarme.
Ei slik utforming fører ofte til lang avstand til vinduga og lite dagslys i dei indre delane av lokala. Omsynet til funksjon og energi gir derfor ikkje unntak frå krava.
Spiserom skal om mogleg ha dagslys og utsyn.