Besøk på nettsidene våre

Behandling av personopplysningar på www.arbeidstilsynet.no

Nettredaktøren har det daglege ansvaret for behandlinga av personopplysningar på arbeidstilsynet.no, med mindre noko anna er oppgitt under. Det er frivillig for deg som besøker nettsidene, å oppgi personopplysningar i samband med tenester, for eksempel for å motta nyheitsbrev. Behandlingsgrunnlaget er samtykke frå den enkelte, med mindre noko anna er spesifisert.

Itera er databehandlar for nettsidene våre og leverandør av vedlikehald og utvikling av nettstaden.

Opplysningar som blir samla inn i samband med drift av nettstaden, blir lagra på eigne serverar som blir drifta av leverandøren. Det er berre Arbeidstilsynet og Itera som har tilgang til desse opplysningane. Ein eigen databehandlaravtale mellom Arbeidstilsynet og Itera regulerer kva for informasjon leverandøren har tilgang til, og korleis denne informasjonen skal behandlast.