Vil sikre gode arbeidsvilkår i grøntnæringa

Publisert 30.05.2024 - Lesetid: 3 min

Mange utanlandske arbeidstakarar er på plass for å jobbe med bær, grønsaker og frukt i landbruket. Arbeidstilsynet er i gang med tilsyn, og i år har vi særleg fokus på lønns- og arbeidsvilkår og innkvartering.

Grønn åker, trær i bakgrunn. Blå himmel med en sky

PRIORITERER TILSYN: Også i år kjem Arbeidstilsynet til å føre tilsyn med grøntnæringa i landbruket. FOTO: Arbeidstilsynet.

– Resultata frå tilsyna i fjor viste at bøndene som hyrar inn bærplukkarar, har teke eit viktig ansvar og gjer mykje bra. Men sjølv om vi avdekte få grove brot, er det ein grunn til at vi framleis har denne satsinga. 

Det seier fungerande direktør Ronny Jørgenvåg, som minner om at utanlandske sesongarbeidarar er ei sårbar og utsett gruppe:

– Derfor har vi i år særleg fokus på å sikre at arbeidarane får allmenngjort lønn, har forsvarleg arbeidstid, skriftlege arbeidsavtalar og ordna buforhold.

Dette sjekkar vi i år

Under årets tilsyn med landbruksnæringa, vil Arbeidstilsynet særleg kontrollere:

  • at det er inngått skriftleg arbeidsavtale med dei tilsette. Merk at det er nye krav til arbeidsavtale frå 1.juli 2024. Finn målar for arbeidsavtale.
  • at krava til allmenngjord lønn blir etterlevde, og at lønn blir utbetalt til arbeidstakars konto. Les om minstelønn.
  • at krava til arbeidstid og overtidstillegg blir etterlevde, og arbeidsgivars timeregistrering. Les om arbeidstid.
  • at innkvartering som arbeidsgivar tilbyr tilsette, er forsvarleg og i samsvar med regelverket. Ver merksam på at regelverket for innkvartering er oppdatert og gjort tydelegare. Regelverksendringane trer i kraft frå 1. juni. Les om regelendringane i innkvartering.

Undersøkjer i ein lengre periode

I år er tilsynsperioden frå mars til desember, med særleg innsats i tidsperioden juni til ut september. I tilsyna har Arbeidstilsynet samtalar med både arbeidsgivarar og arbeidstakarar.
Ein viktig del av tilsyna er rettleiing, med tolk der det er behov for det. Utanlandske arbeidstakarar har ofte ikkje kjennskap til rettar og plikter eller kan språket, og derfor har Arbeidstilsynet også med brosjyrar på ulike språk som skal delast ut til arbeidstakarane.