No blir krava til forsvarleg innkvartering av arbeidstakarar tydelegare

Publisert 19.04.2024 - Lesetid: 5 min

1. juni blir krava som blir stilte til innkvarteringa som arbeidsgivarar tilbyr arbeidstakarar, forskriftsfesta. Målet er å forhindre uforsvarlege og uverdige buforhold.

Bildet er delt i to. På venstre side ser man et rom med mange madrasser på gulvet og klær som henger opp og ligger på gulvet. På høyre side ser man en provisorisk kjøkkenbenk med oppvask.

SKAL VÆRE FORSVARLEG: Krava til innkvartering blir no tydelegare. Desse bileta er henta frå to ulike tilsyn på Austlandet. Bustadene var ikkje godkjende for bustadformål, og arbeidstakarane vart omplasserte til andre innkvarteringar etter tilsyna. FOTO: Arbeidstilsynet.

–  I tilsyn opplever vi at uforsvarleg innkvartering er ganske utbreidd. Vi stansar jamleg innkvartering som er mangelfull, uverdig, brannfarleg eller helsefarleg. Derfor er vi glade for at regelverket no blir gjort lettare tilgjengeleg og enklare å innrette seg etter, seier avdelingsdirektør Monica Seem i Arbeidstilsynet.

Nytt kapittel i arbeidsplassforskrifta

Frå 1. juni 2024 blir det forskriftsfesta reglar om innkvartering som arbeidsgivar stiller til disposisjon for arbeidstakarane. Arbeidsplassforskrifta får da eit nytt kapittel 3A som blant anna beskriv lovpålagde fasilitetar, innreiing og tryggleik ved innkvartering.

Sjå endringsforskrift: Endring i arbeidsplassforskrifta (lovdata.no)

På høyring i fjor

Særleg i bransjar som bygg og anlegg, industri, jordbruk og fiske bur mange arbeidstakarar i periodar i innkvartering som arbeidsgivar stiller til disposisjon.

Arbeidsmiljølova stiller eit generelt krav om at innkvartering som arbeidsgivarar tilbyr arbeidstakarar, skal vere  forsvarleg utforma, innreda og vedlikehaldet. Men lovverket har ikkje beskrive meir konkret kva som ligg i denne formuleringa.

Gjennom langvarig praksis har Arbeidstilsynet likevel stilt ei rekke krav til kva som skal til for at arbeidsgivarar kan tilby lovleg innkvartering.

Praksisen låg til grunn for forslaget om eit nytt kapittel i arbeidsplassforskrifta, som vart send på høyring i fjor.

Det stillast ei rekke krav

Etter høyringsrunden er forskriftsfestinga no vedteke med nokre mindre justeringar.

I forskrifta står det blant anna at den klare hovudregelen er at innkvarteringa skal ha enkeltrom som soverom og at det skal vere tilgang til dusj og toalett som kan låsast, og der det er rennande kaldt og varmt vatn. Forskrifta stiller også krav om at innkvarteringa skal vere forsvarleg når det gjeld

  • dagslys og utsyn
  • vedlikehald og moglegheit for tilstrekkeleg reinhald og hygienisk standard
  • temperatur, fukt, avtrekk og luftkvalitet
  • giftige og helsefarlege stoff
  • biologiske faktorar
  • oppbevaring, tilreiing og inntak av mat
  • oppbevaring av klede
  • vask og tørk av klede
  • brann- og elsikkerheit

Det er gjort to justeringar frå forslaget som vart sendt på høyring. Sjølv om enkeltrom er hovudregelen, kan innkvarteringa fråvike krava ved sesongarbeid i inntil 12 veker i kalenderåret. I høyringsforslaget vart det foreslått eit tak på ti veker for dette unntaket. I tillegg kan arbeidsgivarforeining og fagforeining med innstillingsrett etter arbeidstvistlova § 39 avtale at to personar kan dele soverom.

– Skal bli lettare å finne fram og forstå

At Arbeidstilsynet no forskriftsfestar reglar for innkvartering av arbeidstakarar, er eitt av tiltaka i handlingsplanen til regjeringa mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet.

– Det er mange fordelar med å regulere krava til innkvartering i ei forskrift. Det blir lettare å finne fram og forstå reglane for arbeidsgivarar og arbeidstakarar, og det blir tydelegare kva krav Arbeidstilsynet kan stille i tilsyn, seier avdelingsdirektør Monica Seem i Arbeidstilsynet.    

– Det same gjeld for eksempel for byggherrar, som skal stille krav om at det finst forsvarleg innkvartering for arbeidstakarar på den enkelte bygge- eller anleggsplassen, og som skal følge opp at arbeidsgivarane oppfyller kravet.

Tilsyn med innkvartering

I perioden 2019–2023 har Arbeidstilsynet

  • gjennomført 2 589 tilsyn med innkvartering
  • avdekt brot på reglar for innkvartering i 641 tilsyn (25 prosent av tilsyna)
  • vedtatt eitt eller fleire pålegg i 308 tilsyn
  • vedtatt stans ved overhengande fare i 125 tilsyn
  • vedtatt overtredelsesgebyr i 76 tilsyn

Skrevet av pressekontakt