
ENKEL TRYGGLEIK: Setebeltet bidreg til å redde liv. Ei ny undersøking viser at beltebruken aukar blant bøndene. FOTO: Arbeidstilsynet.
Landbruket er ei av dei farlegaste næringane når det gjeld ulykker, og traktorvelt har vært ei vanleg årsak til dette. Sidan 2018 har Arbeidstilsynet, med hjelp frå Sentio Research, jamleg undersøkt setebeltebruken. Mens 43 prosent av bøndene svarte at dei aldri brukte belte i 2018, er talet gått ned til 26 prosent i 2024. Av dei 26 prosentane som svarar at dei aldri brukar belte, svarar flest at dårleg vane er årsaka til den manglande beltebruken.
Det er vanskelegare å hindre ein traktorvelt enn å hindre konsekvensane av ein velt.
– Å ta på seg belte, slik at ein ikkje fell ut frå traktorhytta og får traktoren over seg, er ei enkel og billeg livsforsikring. Det at éin av fire bønder framleis ikkje brukar belte, kan vi ikkje seie oss fornøgde med, seier Ingvill Kvernmo, direktør i Arbeidstilsynet.
Ta ein prat
Direktøren oppmodar også familie og vener av bønder som ikkje brukar belte, til å ta ein prat med bonden.
– Det er betre at oppfordringa kjem frå dei som er nære, i staden for at ho kjem frå oss som statleg myndigheit, seier direktøren i Arbeidstilsynet.
– Konsekvensane av å miste eit familiemedlem i slike tragiske ulykker, er store, og ei slik alvorleg ulykke vil prege familie og gard i lang tid. I tillegg til sjølve tapet, vil mange også måtte leve vidare på ein ulykkesstad, noko som kan vere ei belastning i seg sjølv.
Installer belte i gamle traktorar
Traktorar skal vere utstyrte med setebelte og typegodkjent førarvern som beskyttar føraren ved velt og stegling. Setebeltet skal brukast under køyring.
Dei fleste traktorar som blir brukte i dag, er produserte med festeordning for setebelte. Eldre traktorar som ikkje er produsert med setebelte, og som skal brukast i verksemda, må få dette ettermontert. Arbeidstilsynet har vore i kontakt med fleire leverandørar, og kostnaden ligg på om lag 2000 kroner.
LES MEIR: Bruk setebelte i traktor