Arbeidstilsynet skal kontrollere arbeid med helsefarleg steinstøv

Publisert 16.05.2024 - Lesetid: 4 min

Dagleg blir fleire tusen arbeidstakarar utsett for kvartshaldig steinstøv, noko som kan forårsake mellom anna lungekreft, allergi og KOLS. I sommar vil Arbeidstilsynet gå på tilsyn i utsette bransjar, hovedsakleg i bygg og anlegg, for å kontrollere om dei førebyggjer at arbeidstakarar blir eksponerte for kvarts.

Bilde av en arbeider med verneklær på, som skjærer i betong med en maskin og det er mye svevestøv rundt.

VIKTIG Å REDUSERE EKSPONERING: Eksponering for støv som inneheld respirabelt krystallinsk silika (kvarts) kan reduserast betrakteleg med målretta tiltak. Illustrasjonsfoto: Colourbox.

Eksponering for kvarts skjer i hovudsak ved innanding av steinstøv når ein  handterar kvartshaldig stein og sand, til dømes i samband med gruvedrift, fjellboring og ved knusing av stein. Dei mest utsette næringane for kvarts er tunnel-, byggje- og anleggsverksemd og bergverksdrift.   

Lær meir om kvarts

Gjennomfører tilsyn i heile landet i sommar

– Sidan kvarts finst i ei rekkje næringar som sysselset mange, antek vi at fleire tusen arbeidstakarar dagleg blir eksponerte for kvarts, seier avdelingsdirektør Rosmari Johnsen i Arbeidstilsynet.

Arbeidstilsynet vil følgje opp utsette bransjar med fleire tilsyn i tida framover. Det vil bli gjennomført tilsyn over heile landet i vår og i sommar, hovudsakleg i bygg- og anleggsnæringa.

– Vi vil mellom anna kontrollere i kva grad verksemdene har kartlagt og risikovurdert førekomsten av kvarts, og om det er sett i verk tilstrekkelege risikoreduserande tiltak, seier Johnsen.

Korleis kan ein unngå eksponering?

Eksponering for støv som inneheld kvarts kan reduserast betrakteleg med målretta tiltak.

– For å redusere eksponering for kvarts, er det viktig at kollektive tiltak som vernar alle arbeidstakarane blir prioriterte fyrst, seier Rosmari Johnsen.

Kollektive tiltak kan vere tekniske tiltak eller organisatoriske tiltak.

Hvordan redusere støveksponering

Tekniske tiltak for å redusere støveksponering:

  • Arbeidsutstyret er i samsvar med regelverket og utstyrt med oppsamlingssystem
  • Lukka førarhytte med HEPA-filter og overtrykk
  • Vatning for å dempe støvet

Organisatoriske tiltak handlar om god planlegging, organisering og tilrettelegging av arbeidet:

  • Samtidig arbeid og opphald i forureina soner må avgrensast
  • Det er viktig med gode rutinar for drift, vedlikehald og reinhald
  • Arbeidstakarane må få opplæring i gode arbeidsvanar, som til dømes å ikkje dra med støv inn i førarhytte eller på eterom/anleggsbrakke, og å lukke vindauge i førarhytte.

Dersom kvartseksponeringa framleis er for høg etter at tekniske og organisatoriske tiltak er innførte, må arbeidstakarane nytte personleg verneutstyr i form av andedragsvern med P3-filter. Andedragsvern vil ofte vere nødvendig ved sprenging, boring og knusing i byggje- og anleggsarbeid.

Fakta om kvarts

  • Krystallinsk silika, også kalla kvarts, er eit av dei vanlegaste minerala i jordskorpa, og finst i varierande mengder i dei fleste bergartar, sand og leire.
  • Eksponering for kvarts skjer i hovudsak ved innanding av støv ved handtering av kvartshaldig stein og sand som ved gruvedrift, ved fjellboring, ved knusing, kutting og rivning av stein og betong og i tunnel-, anleggs- og bygningsverksemd.
  • Noreg fastsette i 2021 ein ny grenseverdi for respirabelt krystallinsk silika på 0,05 mg/m3.
  • Det grøne skiftet fører til eit større fokus på at bygningar skal rehabiliterast i staden å rivast og byggje nytt. Dette fører til meir innvendig riving og bearbeiding av eksisterande bygningsmasse som ofte består av betong og murstein. Byggjemateriale som murstein og betong kan innehalde opptil 30% av mineralet kvarts.

Fakta om helserisiko knytt til kvarts

  • Helserisikoen ved kvarts er først og fremst knytt til innanding av støv som blir danna når materiale blir omarbeidde slik at små partiklar blir frigjorde.
  • Det er dei minste steinstøvpartiklane som treng lengst ned i lungene som er farlegast. Dei minste partiklane blir kalla respirable, og er så små at dei ofte ikkje kan sjåast med berre auga.
  • Kvartsstøv er kjent for å forårsake silikose, fall i lungefunksjon, astma, allergi og KOLS.
  • Respirabelt kvartsstøv er også kreftframkallande og kan føre til lungekreft. I tillegg kan kvartsstøv gi akutte helseplager som hoste, slim og sårheit i luftevegane.

Les meir

Les meir om kvarts, helsefarar og korleis ein kan unngå eksponering for kvarts

I rapporten Risikobilde trekkjer Arbeidstilsynet fram eksponering for respirabelt krystallinsk slilka som ei av dei viktigaste utfordringane på norske arbeidsplassar: 

Risikobilde 

Skrevet av seniorrådgiver , pressekontakt