Frivillig arbeid

Sikkerheitsføresegnene i arbeidsmiljølova er med på å sikre eit trygt arbeidsmiljø for frivillige. Arrangørar av frivillig arbeid har difor eit ansvar for helsa og sikkerheita til dei frivillige.

Kvart år blir mange tusen årsverk i frivillig arbeid lagde ned i Noreg. Tal frå Frivillighet Norge viser at halvparten av befolkninga deltar i frivillig arbeid (frivillighetnorge.no). Noko av dette arbeidet blir utført på arenaer der dei frivillige blir utsette for risiko. Men kven har ansvaret for sikkerheita til dei frivillige?

Sikkerheitsføresegnene i arbeidsmiljølova er med på å sikre eit trygt arbeidsmiljø også for frivillige. Som arrangør av frivillig arbeid må du rekne med at du har eit ansvar for helsa, miljøet og sikkerheita til dei frivillige.

Kva er frivillig arbeid?

Frivillig arbeid er arbeid der ein ikkje er i eit ordinært tilsettingsforhold og ein ikkje mottar ordinær lønn. Det kan vere vanleg at ein som frivillig får andre gode enn lønn, for eksempel mat, drikke og tilgang til ulike arrangement.

Arbeidet er ofte kjenneteikna av at det blir utført i ein kortare tidsperiode. I ein del tilfelle, som til dømes festivalar, er arrangøren ofte ein profesjonell arbeidsgivar med eigne faste tilsette. I tillegg blir frivillige ofte brukte til å utføre oppgåver i ein arbeidsintens periode. Dei frivillige er av og til unge personar, og dei har ikkje alltid erfaring med oppgåvene dei skal utføre.

Blir frivillige rekna som arbeidstakarar?

Frivillige blir vanlegvis ikkje rekna som arbeidstakarar, men det finst unntak.

Ein arrangør kan bli sett på som arbeidsgivar for frivillige når det gjeld føresegner i arbeidsmiljølova som skal verne om helsa, miljøet og sikkerheita til arbeidstakarane. Om ein kan legge eit slik ansvar på arrangøren, kjem an på ei konkret heilskapsvurdering der faren ved det aktuelle arbeidet er eit sentralt moment. Ei slik vurdering bør ein alltid gjere når ein bruker frivillige.

I organisasjonar eller verksemder med eigne tilsette kan arbeidsgivaren i alle tilfelle ha eit ansvar for sikkerheita til dei frivillige. Arbeidsgivaransvaret blir supplert i § 2-2 i arbeidsmiljølova, som seier at arbeidsgivaren har eit samordningsansvar som pålegg arbeidsgivaren å sørge for at også andre enn eigne arbeidstakarar er sikra eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø.

Kva for plikter har arbeidsgivaren når han bruker frivillige?

Hovudregelen for alle typar frivillig arbeid er at arbeidsgivaren har ansvaret for å førebygge at ulykker skjer. Arbeidsgivaren skal gjennomføre systematiske tiltak for å sikre at aktivitetane til verksemda blir planlagde, organiserte, utførte og vedlikehaldne i samsvar med krava i arbeidsmiljølova.

Ei risikovurdering vil vere eit viktig steg i arbeidet med å førebygge uønskte hendingar. Vurderinga treng ikkje å vere komplisert. Kort sagt går ei risikovurdering ut på å kartlegge kva for farar som kan oppstå, kva som kan skje, og kor sannsynleg det er at det skjer. Neste trinn blir så å finne ut korleis ein kan forhindre hendingane, og kva ein gjer viss dei likevel skjer.

Les meir om risikovurdering

Hugseliste for arbeidsgivaren

  • Ta særleg omsyn til barn og ungdom, og sett deg inn reglane om kven som kan delta i frivillig arbeid.  
  • Du har ansvaret for å førebygge ulykker.
  • Kartlegg arbeidsoperasjonar, vurder risiko og gjennomfør tiltak.
  • Vurder kva for opplæring som er nødvendig og gjennomfør denne.
  • Vurder om arbeidstida er slik at sikkerheita er tatt hand om.

Eigne reglar for nokre grupper

Det er eigne reglar om frivillig arbeid for nokre grupper i Noreg:

Meir informasjon

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har laga ein veileder om tryggleik ved store arrangementer:

Rettleiing for tryggleik ved store arrangement (dsb.no)