Arbeidsmiljøportalen
Arbeidsmiljøportalen skal gjere det enklare for partane på arbeidsplassen å jobbe med dei viktigaste forholda i arbeidsmiljøet sitt. Innhaldet på portalen er tilpassa ulike bransjar, slik at det er lett å kjenne seg igjen, og komme i gang med arbeidet.
Vi anbefaler at leiar, verneombod og tillitsvalde samarbeider om å utvikle arbeidsplassen sin. Verktøya i Arbeidsmiljøportalen er eit godt utgangspunkt for eit slikt samarbeid. Sidan arbeidsplassar er forskjellige, så kan ein i portalen velje dei ressursane og verktøya som passar best.
Innhaldet på Arbeidsmiljøportalen er utvikla i samarbeid mellom Arbeidstilsynet, STAMI, NAV, Havindustritilsynet og partane i arbeidslivet.
Kva inneheld Arbeidsmiljøportalen?
Arbeidsmiljøportalen inneheld mellom anna
- Arbeidsmiljøhjelpen (verktøy frå Arbeidstilsynet)
- En bra dag på jobb (verktøy frå STAMI)
- Fakta om bransjen (statistikk frå STAMI og Havindustritilsynet)
- Min side – arbeidsgivar (statistikk frå NAV)
Innhaldet på Arbeidsmiljøportalen er utvikla i samarbeid mellom Arbeidstilsynet, STAMI, NAV, Havindustritilsynet og partane i arbeidslivet. Per i dag finst det kunnskap og verktøy for fleire bransjar og sektorar på Arbeidsmiljøportalen.
Arbeidsmiljøet
- er knytt til korleis verksemda organiserer, planlegg og gjennomfører arbeidet
- er forskjellig frå arbeidsplass til arbeidsplass, og krev derfor ulike tilnærmingar
- påvirkar arbeidstakarane si helse, jobbengasjement og verksemda sine resultat
Det overordna målet med IA-avtalen (avtale om eit meir inkluderande arbeidsliv) er å skape eit arbeidsliv med plass til alle gjennom å førebygge sjukefråvær og fråfall.
Arbeidsplassen er den viktigaste arenaen for førebygging, og eit godt samarbeid mellom leiar, tillitsvalde og verneombod er avgjerande for å lykkast i IA-arbeidet.
IA-avtalen har som mål å skape eit arbeidsliv med plass til alle, gjennom å førebygge sjukefråvær og fråfall. Perioden for den inneverande IA-avtalen går ut i 2022.
IA-avtalen 2019–2022 eit arbeidsliv med plass til alle (regjeringen.no)