Graviditet og arbeidsmiljø

Nokre arbeidsmiljøforhold kan ha ein uheldig verknad på graviditet. Disse kan vere farlege for fosteret, den gravide og for fertiliteten.

Målsettinga til arbeidsmiljølova er å sikre eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø for arbeidstakarane. Dette betyr blant anna at arbeidsmiljøet normalt skal bli lagt til rette slik at kommande foreldre ikkje er hindra i å fortsette det vanlege arbeidet sitt. 

Det er derfor viktig å ha kunnskap om arbeidsmiljøforhold som kan ha ein uheldig verknad på

  • kjønnscellene 
  • på barnet fram til fødselen og i ammeperioden
  • helsa og velværet til den gravide personen

Sjå informasjon om generell tilrettelegging

Sjå informasjon om tilrettelegging og omplassering ved graviditet (inkludert skjema)

Råd til arbeidstakar

  • Det er ikkje sikkert arbeidsgjevaren din tenker på kva du treng. Snakk difor med arbeidsgivaren om kva for tilretteleggingsbehov du har.
  • Vær særskilt oppmerksam om du har eit arbeidsmiljø med kjemikalier eller strålefare.

Eksempel på forhold som kan være uheldige

Under svangerskapet er fosteret godt beskytta mot dei fleste typar påkjenningar. Dette gjeld også påverknader som den gravide arbeidstakaren blir utsett for i arbeidsmiljøet sitt. I nokre arbeidsmiljø finst det likevel forhold som kan vere uheldige for barnet eller for evna foreldre har til å få barn. Dette gjeld mellom anna (lista er ikkje fullstendig): 

Råd til arbeidsgjevar

  • Hugs at arbeidsmiljøet alltid skal vere forsvarleg, også for arbeidstakarar som planlegg å bli gravid.
  • At den gravide er i jobb så lenge som mogeleg, er som regel det beste for både arbeidsgjevar og arbeidstakar. Hugs difor å vurdere tilrettelegging og om nødvendig omplassering.

Påverknad frå arbeidsmiljøet før, under og etter graviditet

Kven har ansvar for kva?

Svangerskapspengar

Når den gravide ikkje kan utføre det vanlege arbeidet sitt på grunn av arbeidsmiljørisiko for fosteret, og tilrettelegging eller omplassering ikkje er mogleg, kan ho ha rett til svangerskapspengar etter folketrygdlova. Svangerskapspengar kan bli gitte viss forhold i arbeidsmiljøet (av fysisk, kjemisk, psykisk eller organisatorisk art) kan vere skadelege for fosteret. Sjå eige skjema for tilrettelegging og omplassering ved graviditet.

Les meir om trygderettar hos NAV