Arbeidsrelaterte psykiske plager

Psykiske plager er ei av dei viktigaste årsakene til sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet. Arbeidsgivar har eit viktig ansvar i å førebygge og sikre eit arbeidsmiljø som gir arbeidstakarane tryggleik mot psykiske skadeverknader.

Kva er arbeidsrelaterte psykiske plager?

Arbeidsrelaterte psykiske plager er lettare symptom på angst og depresjon som er forårsaka eller forverra av forhold på arbeidsplassen.

Årsaker til arbeidsrelaterte psykiske plager 

Psykiske plager kan ha fleire årsaker:

Plagene heng saman med andre helseproblem

Ofte er det ikkje berre ei årsak til psykiske plager, men årsakene lista opp over, kan saman eller kvar for seg auke risikoen for å utvikle slike plager. Årsakene over kan også henge saman med ei rekke andre helseproblem som

Plagene kan gi auka risiko for sjukefråvær og fråfall.

Korleis førebygge?

Sidan psykiske plager kan ha mange forskjellige årsaker, må vi jobbe førebyggande med faktorar vi veit kan auke risikoen for slike plager:

Følg opp tilsette som har psykiske plager

Dette bør arbeidsgivar gjere når arbeidstakarar har arbeidsrelaterte psykiske plager:

  • Ta med arbeidstakaren på råd og vær open for ulike løysingar.
  • Fjern eller reduser årsakene til psykiske plager. Gå gjennom lista over årsaker og sjå kva for risikofaktorar de kan jobbe med.
  • Sjå arbeidstakaren og gi støtte og tryggleik.

Dersom arbeidstakaren har vore sjukemeldt på grunn av psykiske plager:

  • Vær positiv til at arbeidstakaren er tilbake i jobb.
  • La arbeidstakaren eventuelt komme gradvis tilbake til arbeid.

Råd til arbeidstakar

  • Sei frå til leiaren din dersom det er forhold på arbeidsplassen som gjer at du opplever psykiske påkjenningar. Da får leiaren din moglegheit til å sette inn tiltak for å endre forholda som er årsak til plagene. Du kan også snakke med verneombod eller tillitsvalde.
  • Om du har moglegheit, bør du komme tilbake på jobb. Hugs at lange fråvær frå arbeidsplassen kan forverre dei psykiske plagene, spesielt angst og depresjon.
  • Ha dialog med arbeidsgivar om arbeidsoppgåvene og arbeidsmiljøet.