Det er i hovudsak tillate å bruke religiøse hovudplagg som hijab, turban og kalott i arbeidstida, viss det ikkje er til hinder for at ein kan gjere arbeidet. Saklege grunner for å forby religiøse hovudplagg på arbeidsplassen kan vere omsyn til sikkerheit eller hygiene.
Religiøse hovudplagg på arbeidsplassen
Arbeidsgivar kan stille krav til korleis ein arbeidstakar skal kle seg i arbeidstida. I enkelte tilfelle er ei uniform eller eit anna arbeidsantrekk eit absolutt krav. I andre tilfelle er kravet avgrensa til at antrekket skal vere «pent».
Ei anna viktig avgrensing gjeld i situasjonar der arbeidstakarar ønsker å bruke religiøse hovudplagg. Med «religiøst hovudplagg» meiner ein for eksempel hijab eller religiøse hovudplagg som mannlege sikhar og medlemmer av det mosaiske trussamfunn bruker. I hovudsak kan arbeidstakarar bruke slike hovudplagg, men arbeidsgivaren har rett til å stille krav til utforminga av hovudplagget, for eksempel i samband med bruk av uniform eller arbeidsantrekk.
Sakleg grunn til forbod
Arbeidsgivaren kan berre i spesielle tilfelle nekte tilsette å bruke religiøse hovudplagg. Eit forbod må ha saklege grunnar og formål. I nokre samanhengar blir det til dømes stilt særskilte krav til hygiene eller sikkerheit på arbeidsplassen. I slike tilfelle kan det vere sakleg med eit forbod mot bruk av hovudplagg.
Treng du råd?
Likestillings- og diskrimineringsombodet kan svare på spørsmål om pliktane til arbeidsgivaren og kan hjelpe til med å finne praktiske løysingar:
Kven handhevar lova?
Frå 1. januar 2018 er det Diskrimineringsnemnda som handhevar diskrimineringsforboda i likestillings- og diskrimineringslova og i arbeidsmiljøloven § 13-1 (unntatt tredje ledd): Diskrimineringsnemnda (diskrimineringsnemnda.no)
Meir informasjon
Religion og livssyn på arbeidsplassen – plikter og rettigheiter (ldo.no)