Foreldre har rett på to vekers omsorgspermisjon ved fødsel eller overtaking av omsorg for barn.
Omsorgspermisjon
Når kan far eller medforelder ta ut permisjon?
Far eller medforelder kan ta ut sine to veker med omsorgspermisjon i perioden to veker før fødsel til to veker etter at mor har kome heim. Dersom omsynet til familien tilseier det, kan far eller medmor forskyve tidspunktet for permisjonen.
Permisjonen er ulønt
Omsorgspermisjon er i utgangspunktet ulønt med mindre arbeidstakar har ein avtale med arbeidsgivar, eventuelt tariffavtale som gir betre rettar.
Overtaking av permisjon for foreldre som ikkje bur saman
Dersom foreldra ikkje bur saman, kan retten til permisjon takast ut av nokon andre som hjelper mora.
Rettar for adoptivforeldre og fosterforeldre
Adoptivforeldre og fosterforeldre for barn under 15 år har rett til to vekers permisjon i samband med at dei overtek omsorg for barnet.