Ammefri

Ein arbeidstakar som ammar, har rett til fri frå jobb for å amme barnet sitt.

Betalt ammefri

Inntil ein time av den tida arbeidstakaren treng til amming, blir gitt med full lønn så lenge barnet er under eitt år. For å få betalt ammefri må arbeidsdagen til arbeidstakaren vere sju timar eller meir. Dette er inkludert naturlege ulønna pauser slik som lunsj.

Nokre har rett til to timar betalt ammefri gjennom tariffavtalen dei er knytt til. Sjekk med arbeidsplassen din eller fagforeining kva som gjeld for deg.

Når og kor lenge kan arbeidstakaren ha ammefri?

Det er arbeidstakaren sitt behov for ammefri som blir lagt til grunn for kor mykje og på kva tid i løpet av arbeidsdagen hen tek ut ammefri. Arbeidsgivar kan ikkje styre når arbeidstakaren tek fri og grunngi dette med omsyn til drift på arbeidsplassen. Dersom ammefri fører til problem eller ulemper for arbeidsgivar, er det arbeidsgivar sitt ansvar å løyse dette.

Arbeidsgivar kan derfor ikkje pålegge ein arbeidstakar som ammar, å ta ammefri på starten eller slutten av dagen eller nekte hen ammefri på grunn av låg bemanning.

Ammefri kan ikkje bli brukt for å kompensere for nattamming eller amming på andre tidspunkt enn det tidspunktet ein faktisk tek ut ammefri.

Ubetalt ammefri

Arbeidstakarar med kortare arbeidsdag enn sju timar har rett til så mykje ubetalt ammefri som dei har behov for. Det er inga øvre grense for alderen på barnet for å ha rett til ubetalt ammefri.

Konfliktar om ammefri?

Dersom det oppstår konfliktar om ammefri, kan du ta kontakt med Arbeidstilsynet eller bringe saka fram for Tvisteløysingsnemnda.