Invitasjon til innspel på forslag om å tydeleggjere truckopplæringa frå sertifisert verksemd

Arbeidstilsynet har forslag til endringar i opplæringsplanane sin modul 2.2, modul 3.2 og modul 4.2 for løfte- og stablevogner for gods. Endringane får konsekvensar for krav til dokumentasjon av gjennomført opplæring innan kran og anleggsmaskiner også.

Kva er foreslått endret?

Arbeidstilsynet inviterer til innspel.

Partane i Samarbeidsrådet for sikkerheitsopplæring og sakkyndig kontroll ga Arbeidstilsynet råd om å utarbeide forslag til endringar i opplæringsplanane sin modul 2.2, modul 3.2 og modul 4.2, for å tydeleggjere kva som inngår i den grunnleggande sikkerheitsopplæringa for løfte- og stablevogner for gods.

Krav til dokumentasjon blir i tillegg spesifisert i tråd med forskriftsregelen om utstyrsspesifikk opplæring. Forslaget sitt krav om at dokumentasjon av sertifisert opplæring også skal dekke krav til dokumentasjon som utstyrs-spesifikk opplæring, vil også gjelde for opplæring innan kran og anleggsmaskiner.

Bakgrunn og grunngjeving for forslaga til endringar går fram av notatet.

Status og frist

  • Status: Ope for innspel
  • Frist: 23. desember 2022

Notat og innspelsliste

Innspela blir publiserte etter kvart som dei kjem inn.

Du kan be om å få se de originale innspela gjennom eInnsyn.

  • LO
  • NHO-EBA
  • NHO-NI
  • MEF
  • Sentralregisteret – SFS
  • Utviklingskonsult Radem AS
  • Angerman AS
  • Toyota Material Handling Norway AS
  • Kurs og Sikkerhet AS
  • Fidl AS
  • Opplæring Vest AS
  • Viken Kompetanse AS
  • Lime Green Digital AS
  • ASAS Sertifisering
  • Nemko AS
  • NMBU
  • Norsk Sertifisering AS
  • Verify AS
  • NOORSI
  • KTF – Kranteknisk Forening
  • LTF – Løfteteknisk Forening
  • PLF Sekretariat – Noorsi
  • NU – Norsk Utleieforening
  • Kiwa AS

Korleis sende innspel?

Send innspel til Arbeidstilsynet innan svarfristen 23. desember 2022. Bruk eDialog dersom de skal sende oss innspel. Oppgi referansenummer 2022/39471. Les meir om eDialog.

Alle har moglegheit til å gi innspel, sjølv om de ikkje står på innspelslista. Innspela blir publiserte på nettsidene våre.