Kva for kontorløysing bør du velje?

Publisert 08.06.2022 - Lesetid: 3 min

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ope landskap, cellekontor, heimekontor eller free seating: Kva for kontorløysing bør arbeidsplassen din gå for? Råd på ei ny nettside kan hjelpe deg å velje rett.

Bilde fra et åpent kontorlandskap

Kontorløysinga skal ta utgangspunkt i dei arbeidsoppgåvene som skal gjerast og dei menneska som arbeider der.

– Den nye nettsida og rettleiinga om kontorløysingar gir ingen fasit, men ho synleggjer krava og kva for følger kontorløysinga kan ha for arbeidsmiljøet. Slik legg ho eit godt grunnlag for val, seier direktør i Arbeidstilsynet, Trude Vollheim.

Nettside: Hvordan utforme kontoret?

Mykje å ta omsyn til

Nettsida «Hvordan utforme kontoret?» skal hjelpe arbeidsgivarar å velje ei kontorløysing som møter krava og er tilpassa verksemda, arbeidsoppgåvene og dei som arbeider der.

– Vi veit at valet av kontorløysning utløyser mykje engasjement på arbeidsplassen. Difor er det også viktig å ta dei tilsette med på råd, seier Vollheim.

Arbeidstakarane må vere utgangspunktet

Mange faktorar kan påverke valet av kontorløysing, blant anna økonomi, areal, miljø, energibruk, lokalisering og transport. Men slike faktorar er ikkje tema for Arbeidstilsynet si rettleiing.

Rettleiinga legg vekt på at ein må velje ei kontorløysing som tar utgangspunkt i dei arbeidsoppgåvene som skal gjerast og dei menneska som arbeider der. Rett og slett fordi arbeidsmiljøet ikkje skal utsette arbeidstakarane for fysiske eller psykiske belastningar.

Kontorløysinga er arbeidsgivar sitt ansvar

Det er arbeidsgivaren som har ansvar for å kartlegge behova på arbeidsplassen og vurdere gode løysingar. Rettleiinga legg vekt på at arbeidsgivaren må kartlegge moglege farar og utfordringar for å sikre gode vilkår for kvar enkelt arbeidstakar, oppgåvene dei skal løyse og det felles arbeidsmiljøet.

Deretter må arbeidsgivaren vurdere risikoen for at ulike kontorløysingar kan føre til helseplager. Valet av kontorløysing skal vere basert på denne kartlegginga og risikovurderinga.

– Bruk rettleiinga som ein medspelar

– Arbeidsmiljøregelverket har fokus på helsa og tryggleiken til arbeidstakarane. Slik kan rettleiinga vere ein viktig medspelar i arbeidet med å utforme kontoret, meiner Vollheim.