Hugs å strø på arbeidsplassen!

Publisert 11.01.2024 - Lesetid: 2 min

Det kan vere krevjande å jobbe ute når det er glatt. Som arbeidsgivar har du ansvar for å redusere risikoen for at arbeidstakarar skal gli eller falle på arbeid.

Bildet viser en islagt bakke som delvis er strødd med strøsand.

FØREBYGG ULUKKER: Med snø og is på bakken, aukar risikoen for arbeidsulukker. FOTO: Arbeidstilsynet

Med skifte frå minus- til plussgrader kan det legge seg såpeglatt hålke på bakken. Dette kan gi vanskelege arbeidsforhold for mange, for eksempel dei som jobbar på bygge- og anleggsplassar eller i barnehagar og skular. 

– Sørg for gode rutinar

Arbeidstilsynet minner om at ansvaret for eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø ligg hos arbeidsgivaren. Kjente risikofaktorar skal kartleggast og førebyggast.

– I Noreg er skiftande vinterver med glatt føre høgst normalt. Er du arbeidsgivar med arbeidstakarar som jobbar utandørs, bør du derfor ha på plass gode rutinar. Du har plikt til å gjere det du kan for at folk ikkje skal falle og slå seg på jobb når det er hålke og glatt, seier Vigleik M. Aas i Arbeidstilsynets svarteneste.

Tips for betre arbeidsforhold

Her er nokon grep du som arbeidsgivar kan ta no når det er glatt ute:

  • Rydd bort snøen.
  • Strø ofte og grundig.
  • Sørg for broddar og fottøy med piggar der det trengst.
  • Sørg for godt arbeidslys.

Arbeidsgivaren sitt ansvar er mellom anna beskrive i arbeidsplassforskrifta. Her står det at utandørs arbeidsplassar, så langt det er mogleg, skal vere innretta slik at arbeidstakarane ikkje kan gli eller falle.

Ta opp problem med arbeidsgivaren

Også arbeidstakarar har eit ansvar for eige arbeidsmiljø.

– Er det for glatt? Er fottøyet for dårleg? Eller er det andre ting som medfører unødvendig risiko på arbeidsplassen? Sei i så fall frå til din nærmaste leiar og eventuelt til verneombodet, avsluttar Aas.

Relaterte artikler