Bedriftshelsetenesta bør bli meir målretta
Kva skal til for at bedriftshelsetenesta (BHT) blir meir målretta og effektiv? Ein ny rapport føreslår å endre krava i arbeidsmiljølova og innføre nye krav til opplæring av BHT-tilsette.
Rapporten er utarbeida av ei prosjektgruppe som blei oppretta av Arbeids- og sosialdepartementet i 2019, og forslaga er nå til behandling i departementet. Deretter skal dei sannsynlegvis ut på høyring.
– Forslaga bør bidra til å stake ut vegen for framtida si bedriftshelseteneste, seier overlege Tor Erik Danielsen i Arbeidstilsynet, som har vore med i prosjektgruppa. Arbeidet har hatt som mål å vidareutvikle bedriftshelsetenesta som eit arbeidsmiljøtiltak.
Gruppa føreslår nye krav til formål, godkjenning og opplæring
Gruppa føreslår endringar i arbeidsmiljølova for å tydeleggjere kva som er bedriftshelsetenesta sine formål, roller og oppgåver. Ho anbefaler å innføre nye forskriftskrav til mellom anna arbeidsmetodikk og at bedriftshelsetenestene skal prioritere førebyggande arbeidsmiljøarbeid.
Gruppa vil vidareføre godkjenningsordninga vi har i dag. Samtidig meiner ho at ordninga bør utvidast til å omfatte eit nytt krav om obligatorisk opplæring for alle tilsette i bedriftshelsetenesta. Opplæringa skal sikre at tilsette har kunnskap om bedriftshelsetenesta sine formål, roller, oppgåver og arbeidsform.
I tillegg føreslår gruppa at myndigheitene kan føre tilsyn med korleis bedriftshelsetenesta følger opp verksemdene, og dermed ikkje berre med korleis arbeidsgivar brukar ordninga. Gruppa har også føreslått å stramme inn på moglegheita til å få dispensasjon til ikkje å vere tilknytt ei bedriftshelseteneste.
Innstillinga står på solid grunn
Arbeids- og sosialdepartementet etablerte i desember 2019 ei prosjektgruppe med fagmyndigheitene Arbeidstilsynet og Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI). Målet var å føreslå tiltak og verkemiddel for å vidareutvikle bedriftshelsetenesta. Partane i arbeidslivet har vore referansegruppe.
Prosjektgruppa har tufta arbeidet med innstillinga på forslag frå tidlegare ekspertgruppe, som undersøkte bedriftshelsetenesta i 2018.
Medlemmar i prosjektgruppa
- Tone Kjeldsberg, fagdirektør, Arbeids- og sosialdepartementet (leiar)
- Tor Erik Danielsen, overlege dr.med., spesialist i arbeidsmedisin, Arbeidstilsynet
- Dag Ellingsen, forskingsdirektør, dr.med., spesialist i arbeidsmedisin, STAMI
- Therese Nordberg Hanvold, d., forskar, STAMI
- Sture Rolfheim-Bye, kommunikasjonsdirektør, STAMI
- Synnøve Selnes Schumann, seniorrådgivar, jurist, Arbeidstilsynet
- Isabel Sotuyo, seniorrådgivar, jurist, Arbeidstilsynet
- Lisa Aarhus, overlege, ph.d., spesialist i arbeidsmedisin, STAMI
Om kravet til å vere tilknytt ei bedriftshelseteneste
- Bedriftshelsetenestene har ei viktig rolle i arbeidet med å fremme helse blant tilsette i verksemder.
- Risikoforholda i bransjen og verksemda avgjer om ho har plikt til å knytte seg til ei godkjend bedriftshelseteneste.
- Dette inneber at verksemder i rundt 50 bransjar og sektorar er omfatta av kravet i dag. Det svarar til i alt 95 000 verksemder og vel 1,6 millionar arbeidstakarar.
- Tala viser at berre om lag 75 prosent av verksemdene som har plikt til å ha bedriftshelseteneste, oppfyller kravet.
- Alle bedriftshelsetenester skal vere godkjende av Arbeidstilsynet.