Arbeidstilsynet har vunne klarspråkprisen for staten 2020
– Det er svært hyggeleg å få ta imot denne prisen. Det er ei flott anerkjenning av det langsiktige arbeidet med språk og brukarretting som vi gjer i Arbeidstilsynet, og av det vi hittil har fått til, seier direktør Trude Vollheim.
Klarspråksprisen går til statsorgan og kommunar som gjer eit langsiktig og systematisk arbeid for å bruke eit klart, godt og brukarvennleg språk.
Klarare språk kan bidra til betre arbeidsmiljø
– Arbeidstilsynet skal bidra til å hindre sjukdom, skadar og i verste fall dødsfall på norske arbeidsplassar. Da må vi skrive slik at verksemdene forstår kva dei kan og må gjere for å skape eit betre arbeidsmiljø. Vi må tore å sjå oss sjølve i spegelen og arbeide for at tekstane vi skriv blir enklare å forstå og handle ut frå, seier Vollheim.
Tverrfagleg samarbeid
– Dette er stas, og denne prisen går til alle medarbeidarar i Arbeidstilsynet. Heile etaten har vore med og bidratt, seier Ragnhild Bergsmyr, som leier klarspråkarbeidet.

KLARSPRÅK VIKTIG FOR ETATEN: Direktør Trude Vollheim og leiar av klarspråkarbeidet, Ragnhild Bergsmyr, fekk overrekt blomar i samband med språkprisen. FOTO: Arbeidstilsynet
– Sidan 2017 har vi jobba med tekstmalar i skriveverkstader og vi har samarbeidd om enkelttekstar. Samarbeidet har munna ut i eit felles sett med retningslinjer for korleis vi skal skrive i Arbeidstilsynet, bygd på generelle klarspråkreglar og innspel frå fagfolka våre. Når vi i vår lanserer desse i form av ein språkprofil, bygger dei på faktiske tekstar og tekstarbeid som vi har gjort undervegs.
500 av 650 har deltatt på kurs
– Vi har òg hatt skrivekurs spesielt tilpassa Arbeidstilsynet og dei tekstane vi skriv. Hittil har over 500 av etatens rundt 650 tilsette deltatt. Det har vore stort engasjement og interesse for klarspråk i heile etaten, og det er heilt avgjerande for arbeidet, seier Bergsmyr. Under prisutdelinga fekk ho heiderleg omtale av juryen for å ha vore primus motor for arbeidet i etaten.
Ho legg vekt på verdien av å forankre arbeidet og involvere heile etaten. – Det at direktøren har vore så tydeleg på at Arbeidstilsynet skal prioritere arbeidet for klart språk, har vore avgjerande for å kome dit vi er no, seier ho.
Vollheim rosar medarbeidarane i heile etaten for engasjementet for og viljen til å skrive klarare.
– Vi har framleis mykje viktig klarspråkarbeid framfor oss, blant anna skal vi sørge for at klarspråk er ein del av arbeidet med digitale tenester og løysingar. I tillegg er vi i gang med å sjå på lovspråket vårt, seier Vollheim.
Arbeidstilsynet er i godt selskap
Klarspråkprisen for staten har blitt delt ut sidan 2009, og har kvart år gått til eit statsorgan som gjer ein ekstraordinær innsats for å bruke eit klart og brukarvennleg språk. Arbeidstilsynet er i godt selskap; tidlegare vinnarar er mellom anna Utdanningsdirektoratet, Lånekassen og Statens Vegvesen. Prisane er forvaltningsprisar og blir delte ut av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
No vil Arbeidstilsynet halde fram arbeidet for eit forståeleg og brukarvennleg språk.
– Dette var ei gledeleg overrasking og ei solid stadfesting av at vi er på rett veg. No gler vi oss til fortsettinga, seier Vollheim.
Dette seier juryen for klarspråkprisen om prisvinnaren:
For årets vinner er klarspråk blitt en del av virksomheten. Dette statsorganet har gjort et systematisk og bredt arbeid, som er forankret på kryss og tvers i hele organisasjonen. Flere ulike fagavdelinger er trukket inn, noe som er avgjørende for klarspråksarbeidet. En tverrfaglig sammensatt klarspråksgruppe sikrer at alle i organisasjonen er involvert og får eierskap til tekstene. Også de tillitsvalgte er involvert i arbeidet.
Dette statsorganet har en egen svartjeneste for publikum og gode systemer for å ta imot tilbakemeldinger i ulike kanaler, og det henter inn ressurser utenfra når det trengs.
Mange av de ansatte har vært på skrivekurs, og statsorganet har et eget opplegg for nyansatte. Dette statsorganet vil at klarspråk skal være en integrert del av både skrivearbeid og utviklingsprosesser fra starten av.
Statsorganet erkjenner selv at det bruker for lite nynorsk, men det har en god plan for å øke nynorskandelen. Juryen har lagt merke til at statsorganet har laget en svært god språkprofil på begge målformer, der ti skriveråd er framhevet som ekstra viktige.
Juryen setter pris på at vinneren framhever ordet «skrivekultur». Dette statsorganet legger nemlig vekt på trygghet i skrivearbeidet, og nettopp slik trygghet trengs for å motivere de ansatte til å bidra.
Klarspråksprisen for staten går til Arbeidstilsynet.
Hederlig omtale
Det er flere gode kandidater i alle priskategorier. Juryen ønsker å gi hederlig omtale til Ragnhild Bergsmyr, som har vært primus motor i klarspråksarbeidet i Arbeidstilsynet.