Webinar: Anerkjenning gir motivasjon og betre helse
Har du nokon gang fått veldig gode tilbakemeldingar på arbeidet du har gjort? Kanskje er arbeidet løfta fram for andre som viktig? Det påverka truleg både motivasjonen og arbeidsgleda di.
Forsking viser at om du får gode tilbakemeldingar og tilstrekkeleg anerkjenning, vil du stå sterkare i krevjande arbeidssituasjonar, jobbe betre, og bli mindre sjuk. Det skal vi snakke meir om i dette webinaret.
- Når: 14. februar, kl. 09.00–09.30
- Kvar: arbeidstilsynet.no/webinar
- Påmeldingsfrist: 13. februar kl. 14.00
Innhold
Ubalanse mellom innsats og gevinst kan føre til muskel- og skjelettplager og psykiske plager. I dette webinaret skal vi blant anna
- snakke om korleis de kan jobbe med anerkjenning og tilbakemeldingar i eiga verksemd
- gi råd for gode tilbakemeldingar
- sjå på samanhengen mellom angerkjensle på jobb og helse .
I webinaret møter du forskingsdirektør Stein Knardahl i Statens Arbeidsmiljøinstitutt og seniorrådgivar Karin Scheel frå Arbeidstilsynet. Vi har også tatt turen ut i Trondheims gater for å høyre om vanlege folk meiner tilbakemelding og anerkjenning er viktig for deira motivasjon på jobb.
Målgruppe
Hovudmålgruppa er leiarar, verneombod og tillitsvalde, men webinaret er opent for alle.
Påmelding
Webinaret er gratis, men meld deg gjerne på slik at vi kan sende deg ei påminning før start og varsle deg ved eventuelle endringar. Du kan følge sendinga direkte på arbeidstilsynet.no/webinar.
Dersom du ikkje kan delta på oppsett tidspunkt, kan du sjå webinaret i opptak på arbeidstilsynet.no/webinar når det er ferdig teksta.
Velkommen!
Andre webinar i rekka
Dette er ein episode i ein serie korte webinar der vi snakkar om kva de bør rette oppmerksemda mot for å skape eit arbeidsmiljø som gjer motivasjon og betre helse.
- Sjå opptak av "Innflytelse på jobb gjer oss mindre sjuk"
- Sjå opptak av "Endring og omstilling – kva bør dokker gjere for å lykkjas?"
- Anerkjenning gir motivasjon og betre helse. 14. februar
- Rettferdig og støttande leiing – korleis og korfor? 28. februar
- Korfor må tilsette vite kva som forventast av dem? 14.mars
- Viktigheita av psykologisk tryggleik på jobb. 28. mars
