Seminar i Harstad: Kloke grep i omstilling

Quality Hotell Harstad, Anna Elisabeths gate 8

Dei fleste i dagens arbeidsliv opplever omstilling eller større omorganiseringer. Omstillingar som ikkje gjennomføres på ein god måte kan ha negative konsekvensar for verksemdene. Korleis kloke grep kan dykk ta for å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø også under omstilling?

Vi inviterer til seminar i Harstad om dette temaet.

  • Når: tirsdag 6. juni frå 08.30 til 10.30
  • Stad: Quality Hotell Harstad (ekstern lenke, maps.google.com) 
  • Påmeldingsfrist: 1. juni kl. 10.00

Meld deg på seminar om omstilling her

Innhald

På seminaret får du råd, tips og erfaringar du kan bruke i eiga verksemd. Vi startar med fagleg innblikk i temaet omstilling, krav i regelverket og erfaringar frå tilsyn. Deretter har vi spennande gjestar med eksempel frå omstilling i praksis.

Du vil også få prøve nettressursar som kan bidra i det førebyggande arbeidsmiljøarbeidet. Vi legg opp til dialog og erfaringsutveksling.

Du vil møte:

  • Line Hofsøy og Gunnar Misje, seniorrådgivarar ved Arbeidstilsynet
  • Karina Fredheim, HMS rådgivar i UNN
  • Aase Øverland, HMS/KS ansvarleg med erfaring fra bildelproduksjon, aluminiumindustri og forsyning
  • Rickard Bendiksen, daglig leiar for Vakre Vene

Målgruppe 

Målgruppe for seminaret er leiiarar, tillitsvalgte, verneombod og HR/HMS-personell.

Påmelding 

Seminaret er gratis, men du må melde deg på for å delta. Eventuelle reisekostnadar vert ikkje dekka.

Vi serverer frukt, kaffe og te.

Velkommen!