Nettmøte: Risikovurderingar for bygg- og anleggsbransjen

Webinar

Synest du risikovurderingar kan vere vanskelege? Risikovurderingar vil variere frå arbeidsplass til arbeidsplass avhengig av oppgåvene som skal utførast. Likevel finst det visse krav til kva ei risikovurdering skal innehalde. Velkomne til nettmøte om risikovurderingar for bygg- og anleggsbransjen.

  • Når: torsdag 14. desember kl. 09.00-09.45
  • Stad: Teams, påmelde mottar lenke 
  • Påmeldingsfrist: 13. desember kl. 12.00

Meld deg på nettmøtet her

Innhald

Alle verksemder skal kartlegge og vurdere alle farar og problem, og vurdere risikoen knytt til arbeidet. Arbeidsgjevar har ansvaret for at dette blir gjennomført. Målet er at ingen blir skadd eller sjuk på grunn av arbeidet. Risikovurderinga skal gje oversikt over kva som kan gå gale, korleis verksemda kan førebygge det, og redusere konsekvensane av ei eventuell hending.

Gjennom våre tilsyn ser vi at verksemdene i bygg- og anleggsbransjen har forbetringspotensial når det gjeld korleis dei utfører og bruker risikovurderingar.

I dette nettmøtet vil vi ta for oss korleis og kvifor vi skal gjennomføre risikovurderingar. Du vil få ei gjennomgang av våre rettleiingssider og erfaringar frå inspektørar med risikovurderingar i bygg- og anleggsbransjen.

Vi gjennomgår:

  • Kva ei risikovurdering er, og kva den skal brukast til
  • Kva ei risikovurdering skal innehalde
  • Erfaringar frå våre inspektørar med gode og dårlege risikovurderingar
  • Viktigheita av medverknad frå verneombod og dei tilsette
  • Tips til korleis de kan arbeide betre med dykkar risikovurderingar

Målgruppe

Hovudmålgruppa for nettmøtet er leiarar, verneombod og tillitsvalde i bygg- og anleggsbransjen, og for bedriftshelsetenester med bygg- og anleggskundar, men er open for alle.

Påmelding

Nettmøtet er opent for alle og gratis, men du må melde deg på. Du får prentasjonar som blir nytta og ei påminning før start.

Velkomne!