Nettmøte: Jobb smartare med Arbeidsmiljøhjelpa

arbeidstilsynet.no/webinar

Arbeidsmiljøhjelpa kan hjelpe deg å jobbe med dei faktorane som påverkar arbeidsmiljøet og sjukefråværet mest.

Når: 13. desember kl. 09.00–09.15  
Kvar: digitalt  
Påmeldingsfrist: 12. desember kl. 14.00

Vi inviterer til dette sjuande nettmøtet i ein serie som vi håpar skal gi deg bransjeretta kunnskap, verktøy og tiltak for å førebygge sjukefråvær i eiga verksemd.   

Meld deg på nettmøte her

Innhald

Arbeidsmiljøhjelpa er eit verktøy for å utvikle arbeidsmiljøet, og er skreddarsydd for verksemder innan både bygg og anlegg.  

Verktøyet belyserviktige tema som har for arbeidsmiljøet og helsa til arbeidstakarane, som;   

  • organisering av arbeidet  
  • arbeidstid  
  • omstilling  
  • arbeid med menneske  
  • manuelt arbeid  
  • tids- og arbeidspress  

I dette nettmøtet får du meir informasjon om verktøyet, og du får råd om korleis leiarar, tillitsvalde og verneombod kan samarbeide om å utvikle arbeidsmiljøet og redusere sjukefråværet.

Målgruppe 

Hovudmålgruppe for dette nettmøtet er leiarar, verneombod og tillitsvalde i bygg- og anleggsbransjen. Det er likevel opent for alle andre også. 

Påmelding 

Nettmøtet er opent og gratis for alle. Følg det direkte på arbeidstilsynet.no/webinar.  Registrer deg gjerne uansett for å få tilsendt presentasjonar, og slik at vi kan varsle deg dersom det oppstår endringar.

Dersom du ikkje kan delta på oppsett tidspunkt, kan du sjå det i opptak på same stad når opptaket er teksta.       

Velkommen!