Webinar: Å jobbe med menneske – givande, men kan det også tappe deg for energi?

Webinar

For mange består arbeidskvardagen i stor grad av kontakt med andre, og å handtere eigne og andre sine følelsar er ein viktig del av jobben. Over tid kan for høge emosjonelle krav føre til sjukefråvær og fråfall.  Korleis kan vi redusere dei negative konsekvensane av emosjonelt arbeid? Det skal dette webinaret handle om.

Når: 30. november kl. 09.00-09.45
Påmeldingsfrist
: 29. november kl. 14.00

Innhald  

I dette webinaret vil du møte verksemder og fagfolk som snakkar om emosjonelle krav i jobben. 

  • Korleis påverkar emosjonelle forhold yrke og arbeid der du jobbar med menneske?   
  • Kvifor er anerkjenning viktig, og korleis kan du bli betre til jobbe med det i praksis?   
  • Kva for grep kan arbeidsgivar gjere for å førebygge belastningar ved emosjonelt arbeid?    

I tillegg vil du få eit innblikk i nettstaden Arbeidsmiljøportalen: Kva for informasjon finst på portalen og korleis kan du bruke verktøyet Arbeidsmiljøhjelpen?   

I webinaret møter du:   

  • Morten Birkeland Nielsen, forskar frå STAMI  
  • Anne-Marthe Rustad Indregard, forskar ved Lovisenberg Diakonale Sykehus 
  • Emilie Pons, avdelingsleiar i NAV
  • Utlendingsdirektoratet (UDI)

Målgruppe  

Hovudmålgruppa for webinaret er leiarar og tilsette innanfor HR og HMS i offentleg sektor. Det er likevel opent for alle andre også.  

Påmelding  

Webinaret er opent og gratis for alle, og du kan du følge det direkte frå kl. 09.00: arbeidstilsynet.no/webinar.    

Dersom du ikkje kan delta på oppsett tidspunkt, kan du sjå det i opptak same stad etterpå (så snart vi har teksta og klargjort opptaket).      

Velkommen!   

Fire personer i en samtale rundt et stort møtebord