Besøk på nettsidene våre

Behandling av personopplysningar på www.arbeidstilsynet.no

Nettredaktøren har det daglege ansvaret for behandlinga av personopplysningar på arbeidstilsynet.no, med mindre noko anna er oppgitt under. Det er frivillig for deg som besøker nettsidene, å oppgi personopplysningar i samband med tenester, for eksempel for å motta nyheitsbrev. Behandlingsgrunnlaget er samtykke frå den enkelte, med mindre noko anna er spesifisert.

Itera er databehandlar for nettsidene våre og leverandør av vedlikehald og utvikling av nettstaden.

Opplysningar som blir samla inn i samband med drift av nettstaden, blir lagra på eigne serverar som blir drifta av leverandøren. Det er berre Arbeidstilsynet og Itera som har tilgang til desse opplysningane. Ein eigen databehandlaravtale mellom Arbeidstilsynet og Itera regulerer kva for informasjon leverandøren har tilgang til, og korleis denne informasjonen skal behandlast.

Arbeidstilsynet samlar inn avidentifiserte opplysningar om dei som besøker arbeidstilsynet.no. Formålet er å utarbeide statistikk som vi bruker til å forbetre og utvikle vidare informasjonstilbodet vårt på nettstaden. Statistikken gir for eksempel svar på kor mange som besøker ulike sider, kor lenge besøket varer, kva for nettstader brukarane kjem frå, og kva for nettlesarar dei bruker.

Opplysningane behandlar vi i avidentifisert og aggregert form. At dei blir behandla i avidentifisert form, betyr at vi ikkje kan spore opplysningane vi samlar inn, tilbake til den enkelte brukaren. Vi samlar inn heile IP-adressa, men IP-adressa blir avidentifisert, slik at berre dei tre første gruppene i adressa blir brukte til å generere statistikk. Det vil seie at dersom IP-adressa består av nummera 195.159.103.82, bruker vi berre 195.159.103.xx. I tillegg blir IP-adressene behandla på aggregert nivå, det vil seie at alle data blir slått saman til éi gruppe og dermed ikkje behandla individuelt. Vi bruker analyseverktøyet Siteimprove på nettstaden vår.

For å hente inn tilbakemeldingar frå brukarane våre, bruker vi tilbakemeldingsverktøyet Task Analytics. Vi bruker tilbakemeldingane til intern statistikk og for å betre nettstaden. Du avgjer sjølv om du vil delta eller ikkje, og valet ditt påverkar ikkje funksjonaliteten på nettstaden.

Behandlingsgrunnlaget for generering av statistikk og bruk av informasjonskapslar er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f, som tillèt oss å behandle opplysningar som er nødvendige for å ta vare på ei rettkommen interesse som veg tyngre enn omsynet til personvernet til den enkelte. Den rettkomne interessa er å forbetre og utvikle vidare informasjonen på nettsidene våre.

Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som blir lagra på datamaskina di når du lastar ned ei nettside.

Lagring av opplysningar og behandling av dei er ikkje tillate med mindre brukaren både har blitt informert om og gitt samtykke til behandlinga. Brukaren skal få vite om og godkjenne kva for opplysningar som blir behandla, kva formålet med behandlinga er, og kven som behandlar opplysningane, jf. ekomloven § 2-7b

Vi bruker desse informasjonskapslane på arbeidstilsynet.no:

AWSALBCORS

Kapselen blir brukt av AWS (Amazon Web Services) og sørger for at brukaren kommuniserer med den same serveren gjennom heile sesjonen.

Domene: [kontoID].global.siteimproveanalytics.io
Type: Cookie
Lagringstid: 7 dagar
Eigar: Arbeidstilsynet
Kategori: Statistikkformål

ASP.NET_SessionId

Kapselen blir brukt til å identifisere at alle rørslene ein brukar gjer, kjem frå éi eining. Kapselen inneheld ingen personleg informasjon og blir sletta når du forlèt nettsida.

Domene: www.arbeidstilsynet.no
Type: Cookie
Lagringstid: Til du lukker nettlesaren
Eigar: Arbeidstilsynet
Kategori: Statistikkformål

AWSALB

Kapselen blir brukt av AWS (Amazon Web Services) til å balansere nettstadtrafikken over fleire serverar.

Domene: [kontoID].global.siteimproveanalytics.io
Type: Cookie
Lagringstid: 7 dagar
Eigar: SiteImprove
Kategori: Statistikkformål

nmstat

Kapselen blir brukt til å identifisere besøkande til statistikkformål.

Domene: www.arbeidstilsynet.no
Type: Cookie
Lagringstid: 1000 dagar
Eigar: SiteImprove
Kategori: Statistikkformål

Dersom du startar ein chat med oss, blir to informasjonskapslar lagra.
Dei skal sørge for at du kan navigere på nettsidene utan at chatten blir broten.

gac_UA 

Domene: www.edialog24.no
Type: Cookie
Lagringstid: 90 dagar
Eigar: edialog24
Kategori: nødvendig

ga

Domene: www.edialog24.no
Type: Cookie
Lagringstid: 2 år
Eigar: edialog24
Kategori: nødvendig

Behandlingsgrunnlaget for generering av statistikk og bruk av informasjonskapslar er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f,som tillèt oss å behandle opplysningar som er nødvendige for å vareta ei rettkommen interesse som veg tyngre enn omsynet til personvernet til den enkelte. Den rettkomne interessa er å forbetre og utvikle vidare informasjonen på nettsidene våre. 

Arbeidstilsynet lagrar informasjon om kva for søkeord brukarane nyttar i søkeverktøyet Find. Formålet med lagringa er å gjere informasjonstilbodet vårt betre. Bruksmønsteret for søk blir lagra i ein eigen database i aggregert form. Det er berre søkeordet som blir lagra, og det kan ikkje koplast til andre opplysningar om brukarane, som for eksempel IP-adresse.

Nedst i nokre av artiklane på nettstaden finn du ein funksjon som lèt deg gi tilbakemelding på om du fann informasjonen du leitte etter, eller ikkje. Tilbakemeldingane bruker vi til å forbetre innhaldet på nettstaden. Bruker du denne funksjonen, blir ein FormCookie lagra på datamaskina di. Cookien kan ikkje brukast til å spore meldinga tilbake til deg. Tilbakemeldinga du sender oss, blir lagra i databasen vår. 

Denne funksjonen bruker vi ikkje til rettleiing, og vi ber deg derfor om ikkje å registrere spørsmål som du ønsker svar på, her. Vi ber deg også om ikkje å registrere sensitiv informasjon her, ettersom funksjonen ikkje er sikra (kryptert).

Behandlingsgrunnlaget for behandling av personopplysningar gjennom tilbakemeldingsfunksjonane er artikkel 6 nr. 1 bokstav f. Dette tillèt oss å behandle opplysningar som er nødvendige for å vareta ei rettkommen interesse som veg tyngre enn omsynet til personvernet til den enkelte. Den rettkomne interessa er å tilby innhald som dekker informasjonsbehovet til publikum.

Arbeidstilsynet sender normalt ut nyheitsbrev 2-3 gonger per månad via e-post. For at du skal kunne motta nyheitsbrevet, må du derfor registrere ei e-postadresse. E-postadressa blir lagra i ein eigen database, blir ikkje delt med andre og blir sletta når du seier opp abonnementet. E-postadressa blir også sletta om vi får tilbakemelding om at ho ikkje er aktiv lenger.

Behandlingsgrunnlaget for behandling av e-postadressa di når du abonnerer på nyheitsbrevet vårt, er samtykke (personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a (lovdata.no))

Du kan når som helst trekke tilbake samtykket ved å melde deg av nyheitsbrevet. At du trekker samtykket ditt, vil ikkje påverke lovlegheita av behandlinga av personopplysningar som skjedde før du trekte samtykket tilbake.

Arbeidstilsynet samlar inn avidentifiserte opplysningar om bruk av nyhetsbreva vi sender ut. Formålet er å forbetre og utvikle informasjonstilbodet. Statistikken gir for eksempel svar på kor mange som opnar nyhetsbreva og kva lenkar dei klikker på.

Opplysningane behandlar vi i avidentifisert og aggregert form. Det at dei blir behandla i avidentifisert form, betyr at vi ikkje kan spore opplysningane vi samlar inn, tilbake til den enkelte brukaren.

Målet med chatboten Leon er å gi arbeidsgivarar og arbeidstakarar den informasjonen dei treng, raskt og effektivt. I tillegg avlastar han den bemanna svartenesta vår. Dersom chatboten ikkje kan svare deg, set han deg i kontakt med ein rettleiar som kan hjelpe deg.

Chatboten gir deg svar på generelle, ofte stilte spørsmål heile døgnet. Han gir deg ikkje svar på

  • spørsmål som krev oppslag i personopplysningar
  • status i saker som blir saksbehandla når du spør

Når du chattar med oss, behandlar vi ein del personopplysningar og rettar oss etter dette:

  • Vi behandlar opplysningar om deg på rettsleg grunnlag av samtykket ditt (personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a). Dette samtykket må du gi når du tar i bruk chatboten.
  • Du kan når som helst trekke tilbake samtykket.
  • Du kan sjølv slette chatsamtalen.
  • Du kan laste ned samtalen.
  • Vi behandlar ingen andre personopplysningar enn det du eventuelt skriv om deg sjølv. Derfor rår vi deg til ikkje å skrive opplysningar som kan identifisere deg.
  • Namnet ditt, fødselsnummeret og eventuelle helseopplysningar som du eventuelt skriv i chat-vinduet, vil bli sletta automatisk.
  • Vi brukar samtalar i chatboten til å gjere chatboten betre. Samtalane vi bruker til dette, er anonymiserte og vil ikkje innehalde andre opplysningar enn det du sjølv oppgir i chatten.
  • Vi lagrar samtalar i opptil 30 dagar, men i anonymisert form.

Varslingsrutinen er eit verktøy som hjelper verksemda di med å lage ein intern varslingsrutine som oppfyller krava i arbeidsmiljølova og tilrådingane frå Arbeidstilsynet. Det er frivillig å bruke dette verktøyet.

Vi lagrar e-postadressa di og all informasjonen du legg inn i varslingsrutinen, i 6 månader for at du skal kunne jobbe med rutinen over lengre tid. Du kan sjølv slette denne informasjonen når som helst ved hjelp av lenka du får tilsendt på e-post når du registrerer deg. Du kan også be Arbeidstilsynet om å slette informasjonen.

Behandlingsgrunnlaget for behandling av e-postadresse og informasjon behandla i tilknyting til varslingsrutinen er  personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a, altså samtykke.

Du kan når som helst trekke samtykket tilbake ved å slette informasjonen via lenka du fekk da du registrerte deg. At du trekker samtykket, vil ikkje påverke lovlegheita av behandlinga av personopplysningar som skjedde før du trekte samtykket tilbake.

Dersom du vel å abonnere på statusendringar frå eit av registera våre, lagrar vi e-postadressa di og kva for verksemder du ønsker å motta melding om.

Du kan bestille statusendringar frå desse registera:

"Renholdsregisteret", "Finn Bedriftshelsetjeneste", "Finn registrerte bemanningsforetak", "Virksomheter med tillatelse til asbestarbeid", og "Finn godkjent bilvask, dekkskift og dekkhhotell".

E-postadressa di blir lagra i ein eigen database, blir ikkje delt med andre og blir sletta når du seier opp abonnementet. E-postadressa blir sletta også om vi får tilbakemelding om at ho ikkje er aktiv lenger.

Behandlingsgrunnlaget for behandling av e-postadressa di når du abonnerer på statusendringar, er at du har gitt samtykke (personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a)

Du kan når som helst trekke samtykket tilbake ved å melde deg av varselet. At du trekker samtykket, vil ikkje påverke lovlegheita av behandlinga av personopplysningar som skjedde før du trekte samtykket tilbake.